Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Moses vert fødd

1. Ein mann av Levi-ætta gjekk stad og gifte seg med ei jente av same ætta.

2. Kvinna vart med barn og fekk ein son. Ho tykte det var så ven ein gut og løynde han i tre månader.

3. Då kunne ho ikkje halda han løynd lenger. Så fann ho ei kiste av papyrusrøyr til han. Den bredde ho med jordbek og tjøre, og så la ho guten oppi og sette kista i sevet attmed elvekanten.

4. Syster hans stod eit stykke unna og skulle sjå korleis det gjekk med han.

5. Då kom dotter åt farao ned til Nilen og ville lauga seg, medan jentene hennar gjekk att og fram på elvebakken. Ho fekk auga på kista i sevet og sende trælkvinna si etter henne.

6. Så hadde ho opp loket og såg barnet, ein liten gut, som låg og gret. Ho tykte synd i han og sa: «Det er eit av hebrearborna.»

7. Då kom syster hans og sa til dotter åt farao: «Skal eg gå og finna ei hebrearkone som gjev bryst, så ho kan fostra opp barnet for deg?»

8. «Ja, gjer det!» svara kongsdottera. Så gjekk jenta og henta mor til guten.

9. Kongsdottera sa til henne: «Ta denne guten og fostra han opp for meg! Eg skal løna deg for det.» Så tok kona guten og fostra han opp.

10. Og då han vart stor, gjekk ho til kongsdottera med han, og han vart som ein son for henne. Ho kalla han Moses; «for eg har drege han opp or vatnet,» sa ho.

Moses rømer til Midjan

11. Ei tid etter, då Moses var vaksen vorten, gjekk han ein gong ut til frendane sine og såg korleis dei træla og sleit. Der fekk han sjå ein egyptar som slo ein hebrear, ein av frendane hans.

12. Moses såg seg vel ikring, og då han ikkje vart var nokon, slo han egyptaren i hel og grov han ned i sanden.

13. Dagen etter gjekk han ut att. Då fekk han sjå to hebrearar som heldt på og slost. Han sa til den som hadde skulda: «Kvifor slår du landsmannen din?»

14. Mannen svara: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss? Tenkjer du kanskje å drepa meg, som du drap egyptaren?» Då vart Moses redd og sa med seg sjølv: «Så er det kjent likevel!»

15. Då farao fekk høyra om det, prøvde han å få drepe Moses. Men han rømde for kongen og slo seg ned i Midjan. Der heldt han til attmed ein brunn.

16. Presten i Midjan hadde sju døtrer. Dei kom og auste opp vatn og fylte trørne, så småfeet åt faren fekk drikka.

17. Men så kom det nokre gjætarar og jaga dei bort. Då reiste Moses seg og hjelpte dei med å brynna småfeet.

18. Då dei kom heim att til Re’uel, far sin, spurde han: «Korleis har det seg at de kjem så tidleg i dag?»

19. Dei svara: «Det kom ein egyptar og hjelpte oss mot gjætarane. Han auste opp vatn for oss og brynnte småfeet.»

20. «Kvar er han så?» spurde faren. «Kvifor gjekk de ifrå mannen? Bed han inn, så han kan få seg mat!»

21. Moses gjekk med på å vera hjå mannen, og han lét Moses få Sippora, dotter si, til kone.

22. Ho fekk ein son, og Moses kalla han Gersjom; «for eg har vorte innflyttar i eit framandt land,» sa han.

Gud kallar Moses

23. Så gjekk det ei lang tid, og kongen i Egypt døydde. Israelittane sukka og klaga under trældomen, og naudropa deira steig opp til Gud.

24. Gud høyrde korleis dei sukka, og kom i hug den pakta han hadde gjort med Abraham, Isak og Jakob.

25. Og Gud såg til israelittane og tok seg av dei.