1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2. Kan eit menneske vera ¬til nytte for Gud?Nei, den kloke ¬gagnar berre seg sjølv.
3. Bryr Den Allmektige seg ¬om di rettferd,har han vinning ¬av at du er heil i di ferd?
4. Er det di gudsfrykt ¬han refser deg fornår han fører klagemål ¬mot deg?
5. Er ikkje din vondskap storog dine misgjerningar ¬utan ende?
6. Du panta brørne dine ¬utan grunn,drog kleda av folk ¬som var bortimot nakne.
7. Den trøytte gav du ikkje vatn,den svoltne lét du ikkje få brød.
8. Som om landet tilhøyrer ¬den som brukar makt,og berre storfolk skal bu der!
9. Du sende enkjer ¬tomhendte bortog nekta å hjelpa farlause born.
10. Difor er snarer sette ikring deg,brått vert du gripen av redsle.
11. Det vert så mørkt ¬at du ikkje kan sjå,ein vassflaum skyl over deg.
12. Er ikkje Gud så høg ¬som himmelen?Sjå stjernekvelven, ¬kor høg han er!
13. Likevel spør du: ¬«Kva veit vel Gud?Kan han fella dom ¬bak skoddeeimen?
14. Han er løynd av skyer ¬og kan ikkje sjåder han vandrar ¬utmed himmelranda.»
15. Vil du fylgja den gamle stigensom ugjerningsmenn ¬har trakka?
16. Dei vart rivne bort før tida,flaumen skylde vekk ¬deira grunnvoll.
17. Dei sa til Gud: «Gå frå oss!Kva kan Den Allmektige ¬gjera for oss?»
18. Men han hadde fylt deira hus ¬med gode ting;nidingars råd var langt ifrå han.
19. Dei rettferdige ¬ser det med glede,og dei skuldlause spottar dei:
20. «Sanneleg, ute er det ¬med fiendane våre,resten av dei har elden øydt.»
21. Forlik deg no med han ¬og hald fred,så skal lukka venda tilbake ¬til deg.
22. Ta imot rettleiing ¬frå hans munn,og legg deg hans ord på hjarta.
23. Vender du om ¬til Den Allmektige,skal du atter reisast opp.Held du urett borte frå ditt telt,
24. og kastar du gullet ditt i støvet,ditt Ofir-gull ¬mellom steinar i bekken,
25. skal Den Allmektige vera ¬som gull for deg,ja, som det finaste sølv.
26. Då skal du gleda deg ¬over Den Allmektige,og lyfta andletet til Gud.
27. Når du bed til han, ¬vil han høyra deg,og du skal gjera det du har lova.
28. Det du set deg føre, ¬skal lukkast,og ljos skal skina på dine vegar.
29. Han audmykjer dei ¬som talar hovmodig,men frelser dei ¬som slår augo ned.
30. Han bergar den ¬som er fri for skuld;har du reine hender, ¬vert du berga.