Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Gjev du ville venda deg til Gud!

1. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2. Kor lenge vil du tala såog la orda rasa som eit uver?

3. Trur du Gud kan rengja retten,at Den Allmektige ¬gjer rett til rangt?

4. Har borna dine synda mot han,så har han gjeve dei ¬deira brot i vald.

5. Gjev du ville venda deg til Gudog be Den Allmektige om nåde!

6. Så sant du er skuldlaus ¬og ærleg,vil han vaka over deg,atter reisa din bustad ¬og gje deg rett.

7. Då vert det smått, ¬det fyrste du hadde,mot det store du sidan skal få.

8. Berre spør dei framfarne ætter,gjev akt på det fedrane fann ut.

9. Vi er då frå i går ¬og veit ikkje stort,som ein skugge er våre dagar ¬på jorda.

10. Fedrane skal læra deg ¬og seia frå,tala til deg ut frå det dei veit.

11. Veks det sev ¬der det ikkje er myrlendt,trivst storren ¬der det ikkje finst vatn?

12. Om han enno står grøn ¬og ikkje vert skoren,turkar han bort ¬før alt anna gras.

13. Så går det med alle ¬som gløymer Gud,vona kverv for den gudlause.

14. Hans trygge ro ¬heng i tynne trådar,han set si lit til spindelvev.

15. Han stør seg til sitt eige hus,men det held ikkje;han klengjer seg til det,men det står ikkje støtt.

16. Han står som eit grønt tre i sola,greinene breier seg ut ¬over hagen.

17. Røtene flettar seg inn ¬i ei steinrøys,hakar seg fast mellom steinane.

18. Men vert han bortriven ¬frå sin heimstad,kjennest staden ikkje ved han:«Vi har ikkje sett deg.»

19. Sjå, såleis endar hans liv,og ein annan gror opp or molda.

20. Sjå, Gud vil aldri visa bortden som er heil i si ferd;men ugjerningsmenn ¬tek han ikkje i handa.

21. Han skal fylla din munn ¬med låttog leggja jubelrop ¬på dine lipper.

22. Dei som hatar deg, ¬må kle seg i skam,telta åt dei gudlause vert borte.