Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Eg vil visa at mi ferd er rett

1. Alt dette har eg sett ¬med eigne augo,eg har høyrt det ¬og merka meg det.

2. Det de veit, veit eg òg,eg er ikkje ringare mann enn de.

3. Men eg vil tala ¬til Den Allmektigeog forsvara meg mot Gud.

4. Men de som smør på så tjukt ¬med lygn,kvaksalvarar er de alle.

5. Gjev de ville teia!Då skulle de reknast for vise.

6. Så høyr kva eg har å seia imot,lyd på mitt innlegg i striden!

7. Vil de forsvara Gud med urett,tala hans sak på svikefull vis?

8. Vil de halda med Gudog vera sakførarar for han?

9. Går det godt ¬om han ransakar dykk?Vil de narra han ¬som ein narrar menneske?

10. Han kjem til å refsa dykkom de i løynd held med han.

11. Vert de ikkje skræmde ¬av hans velde,kjenner de ikkje redsle for han?

12. Dei fyndord de talar, ¬er som oske,og dei svar de gjev, ¬held like lite som leire.

13. Tei stilt og lat meg få tala,kva som enn måtte henda meg!

14. Eg vel den farefulle vegen,ja, set livet på spel.

15. Eg ventar på han ¬som vil drepa meg,eg vil visa han at mi ferd er rett.

16. Og det skal verta mi berging;for ingen gudlaus ¬kan gå fram for han.

17. Så høyr då vel på mine ord,og lyd på mi utgreiing!

18. Sjå, no legg eg fram mi sak,eg veit at eg har rett.

19. Kan nokon føra klagemål ¬mot meg?Då ville eg teia stilt og døy.

20. Berre to ting ¬må du spara meg for,så slepp eg løyna meg for deg.

21. Ta handa di bort frå meg,lat meg ikkje skræmast ¬av redsle for deg!

22. Stemn meg du, så skal eg svara,eller lat meg tala, ¬og svar meg du!

23. Kor mange er mine brot ¬og synder?Lat meg få vita om mi synd ¬og skuld!

24. Kvifor løyner du andletet ¬for meg?Kvifor held du meg ¬for ein fiende?

25. Vil du skræma ¬eit bortblåse bladog springa ¬etter eit turt halmstrå?

26. Hardt er ditt klageskriv ¬mot meg,du lèt meg bøta ¬for min ungdoms synder.

27. Du set mine føter i blokka;sidan vaktar du på meg ¬kvar eg går,og merkjer av mine fotefar,

28. endå eg er ¬som ein utsliten skinnsekk,lik mòletne klede.