Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 2 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg.

2. «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan.

3. Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er. Framleis er han like ulastande. Utan grunn har du eggja meg til å føra han i ulukke.»

4. Men Satan svara: «Hud for hud! Ein mann gjev då gjerne alt det han eig for livet.

5. Men rett ut handa og rør ved beina og kjøtet hans, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»

6. Då sa Herren til Satan: «Han er i di makt. Spar berre livet hans!»

7. Så gjekk Satan bort frå Herren, og han slo Job med vonde svullar frå hovud til hæl.

8. Job tok eit krusbrot og skrapa seg med, der han sat bortpå avfallshaugen.

9. Då sa kona hans til han: «Er du framleis like ulastande? Spotta heller Gud og døy!»

10. Men han svara: «Du talar som ei uvitug kvinne. Skal vi berre ta imot det gode frå Gud? Skal vi ikkje ta imot det vonde òg?» Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job med sin munn.

11. Job hadde tre vener. Då dei fekk høyra om all den ulukka som hadde råka han, kom dei kvar frå sin heimstad: Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama. Dei vart samde om at dei skulle gå til Job og syna han medkjensle og trøysta han.

12. Medan dei endå var eit stykke borte, fekk dei auga på han; men dei kjende han ikkje att. Då sette dei i og gret, reiv sund kappene sine og kasta støv opp i lufta, så det fall ned over hovudet på dei.

13. Så sat dei hjå han der på jorda i sju dagar og sju netter. Og ingen sa eit ord til han; for dei såg at han leid fælt.