Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Korleis kan eg finna han?

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, i dag må eg klaga sårt.Tungt ligg hans hand på meg ¬når eg sukkar.

3. Å, visste eg berrekorleis eg kunne finna hanog koma fram ¬for hans kongsstol.

4. Då la eg fram for han mi sakog fylte min munn ¬med gode grunnar.

5. Då fekk eg vita ¬kva han ville svara,og skjøna ¬kva han ville seia meg.

6. Ville han strida mot meg ¬med si store makt?Å nei, han ville nok høyra ¬på meg.

7. Så drøfte eg ærleg mi sak ¬med hanog berga min rett for alltid.

8. Men går eg mot aust, ¬så er han ikkje der,og mot vest, ¬så merkar eg han ikkje.

9. Går eg mot nord, ¬ser eg ikkje kva han gjer,snur eg mot sør, ¬får eg ikkje auga på han.

10. Han kjenner den vegen eg går;som gull ¬skulle eg stå hans prøve.

11. Eg fylgde støtt i hans fotefarog heldt meg trufast ¬på hans veg.

12. Eg veik ikkje av ¬frå dei bod han gav,men gøymde hans ord ¬i min barm.

13. Han er alltid den same ¬– kven kan hindra han?Det han har hug til, ¬det gjer han.

14. Han fullfører det ¬han har fastsett for meg,og mykje slikt har han i tankar.

15. Difor gruar eg for å møta han;når eg tenkjer på han, ¬må eg skjelva.

16. Gud har gjort meg motlaus,Den Allmektige ¬har skræmt meg.

17. Men mørkret ¬har ikkje tynt meg,endå det skumrar ikring meg.