Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 41 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ingen er vel så vågalat han torer ¬terga krokodillen.Kven kunne stå seg mot han?

2. – Kven gav meg noko fyrst,så eg laut gje han att?Alt under himmelen er mitt. –

3. Eg vil ikkje teia ¬om krokodillens lemer,kor sterke dei er, ¬og kor fint dei er bygde.

4. Kven kan få hol ¬på hans ytre hameller trengja igjennom ¬hans doble panser?

5. Kven torer opna gapet på han?Hans tenner vekkjer redsle.

6. På ryggen har han rader ¬av skjold,godt attlatne som med segl.

7. Tett ligg det eine ¬innåt det andre,ikkje ein pust kjem inn ¬mellom dei.

8. Skjolda heng fast i hop,dei grip inn i kvarandre ¬og kan ikkje skiljast.

9. Når han nys, blinkar eit ljos,augo hans strålar ¬som morgonroden.

10. Logande eld fer ut or hans gap,det sprutar gneistar frå det.

11. Or naseborene kjem det røyksom frå ei oppheta, ¬kokande gryte.

12. Pusten hans set kol i brann,ein loge står ut or hans gap.

13. Stor styrke har han i nakken,og redsla hoppar føre han.

14. Valkane under halsen hans ¬er faste,dei sit som støypte ¬og rører seg ikkje.

15. Hjarta hans er fast som stein,som den nedste steinen i kverna.

16. Når han reiser seg, ¬må kjemper fæla,dei går frå sans og samling ¬av redsle.

17. Om sverdet råkar han, ¬bit det ikkje,og heller ikkje kastevåpen, ¬spyd eller pil.

18. Han aktar jern som var det stråog bronse som morkna tre.

19. Ei pil kan ikkje jaga han ¬på flukt,stein frå slyngja ¬er som halmstrå for han.

20. Ei klubbe ¬reknar han òg for halm,han berre ler ¬åt susande kastespyd.

21. Under buken ¬har han kvasse taggar,som ein treskjeslede ¬lagar han far i gjørma.

22. Han set djupet i kok ¬som ei gryte,lèt havet skumma ¬som ein kjele med salve.

23. Bak han går det ein lysande stig,det ser ut ¬som om djupet har sølvhår.

24. Hans make finst ikkje ¬her på jord,skapt som han er utan reddhug.

25. Alt som er høgt, ¬ser han i auga,han er ein konge ¬over alle stolte dyr.