Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Job gjer bot

1. Då tok Job til ords og svara Herren:

2. Eg veit at allting maktast du;ingen ting er umogeleg for degav det du har sett deg føre.

3. Kven er det som gjer ¬di rådgjerd uklårmed uvituge ord?Eg har tala om ting ¬eg ikkje skjønar,om det som er så underfulltat eg ikkje forstår det.

4. Men høyr på meg, så vil eg tala.Eg vil spørja deg, og du skal svara meg.

5. Før hadde eg berre høyrt ¬om deg,men no har eg sett deg ¬med eigne augo.

6. Difor tek eg att kvart ordetog syner min anger ¬i støv og oske.

Herren velsignar Job meir enn før

7. Då Herren hadde tala dette til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.

8. Ta no sju oksar og sju verar og gå til Job, tenaren min, og ber dei fram som brennoffer for dykk! Så skal Job, tenaren min, be for dykk; og eg vil høyra bøna hans og spara dykk for den ulukka de hadde fortent, fordi de ikkje tala rett om meg, så som Job, tenaren min.»

9. Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Na’ama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde bøna åt Job.

10. Då Job hadde bede for venene sine, vende Herren lagnaden hans. Han lét Job få dobbelt så mykje som han før hadde hatt.

11. Og alle brørne hans kom til han, og like eins systrene og kjenningane hans. Dei sat til bords med han i huset hans, viste han medkjensle og trøysta han etter at Herren hadde sendt så mykje vondt over han. Kvar av dei gav han eit pengestykke og ein gullring.

12. Sidan velsigna Herren Job endå meir enn før. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.

13. Og han fekk sju søner og tre døtrer.

14. Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk.

15. I heile landet fanst det ikkje så fagre kvinner som døtrene til Job. Faren lét dei arva til liks med brørne.

16. Sidan levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire ættleder.

17. Så døydde Job, gamal og mett av dagar.