Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Liding vart min lagnad

1. Mannen må træla ¬og slita på jorda,som ein leigekars dagar ¬er hans liv.

2. Han liknar trælen ¬som stundar etter skugge,og tenaren som ventar på løn.

3. Så vart månader med møde ¬min lut,netter med liding min lagnad.

4. Når eg legg meg, må eg tenkja:«Kva tid skal eg stå opp?»Kvelden vert lang, ¬eg ligg der urolegheilt til det ljosnar av dag.

5. Min kropp er kledd ¬med verkjesår og skorper,huda skrukkast og brest.

6. Mine dagar fer snøggare ¬enn vevarens skyttel,dei går til endes utan von.

7. Kom i hug at mitt liv ¬er som ein pust!Aldri meir får eg oppleva lukke.

8. Den som ser meg no, skal aldri sjå meg meir,ser du etter meg, er eg borte.

9. Ei sky løysest opp og kverv;så er det òg med den ¬som fer til dødsriket,han stig aldri opp att meir.

10. Han vender ikkje heim ¬til sitt hus,hans heimstad ¬ser han aldri meir.

11. Så legg eg ikkje band ¬på min munn,men vil tala i mi djupe naudog klaga i min sjelekval.

12. Er eg eit hav eller havuhyresidan du set vakt over meg?

13. Når eg seier: ¬«Senga skal vera mi trøyst,mi lege skal letta mi sut»,

14. då skræmer du meg ¬med draumarog støkkjer meg med syner.

15. Aller helst vil eg kjøvast.Heller døden enn denne liding!

16. Eg er lei av dette!Eg lever ikkje evig.Lat meg vera!Mine dagar er som ein pust.

17. Kva er eit menneske ¬sidan du set det så høgtog bryr deg så mykje om det?

18. Kvar morgon ser du til det,kvar augneblink prøver du det.

19. Vil du ikkje snart ¬venda augo frå megog gje meg ro, ¬så eg kan svelja spyttet?

20. Har eg synda, ¬kva skader det deg,du som vaktar på mennesket?Kvifor gjer du meg ¬til skyteskive for deg?Eg har vorte ei bør ¬for meg sjølv.

21. Kvifor vil du ikkje tilgje ¬mi syndog bera over med mi skuld?For no må eg leggja meg ¬i støvet;leitar du etter meg, ¬er eg ikkje meir.