Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vanvørd ikkje tukt frå Den Allmektige!

1. Set i og ropa! ¬Finst det nokon som svarar?Kven av dei heilage ¬vender du deg til?

2. Mismod tek livet av dåren,harme drep den godtrune.

3. Eg såg ein dåre som slo rot,men brått laut eg forbanna ¬hans bustad.

4. Borna hans var hjelpelause,knuste i porten, ¬utan bergingsmann.

5. Dei svoltne åt opp det han avla,dei tok det jamvel ¬mellom klunger,og dei tyrste ¬greip etter godset hans.

6. Nei, ulukke veks ikkje ¬opp or molda,og møde gror ikkje ¬fram av jorda.

7. Men mennesket er født til mødeliksom gneistar flyg høgt i veret.

8. Men eg, ¬eg ville venda meg til Gudog leggja mi sak i hans hand.

9. Han gjer storverk ¬som ingen kan granska,og under som ingen kan telja.

10. Han lèt det regna på jorda,sender vatn over åker og eng.

11. Han reiser opp folk ¬frå ringe kår,lyfter og bergar dei som syrgjer.

12. Han gjer planane åt dei kloke ¬til inkjes,så deira gjerning ikkje lukkast.

13. Han fangar dei vise ¬i deira klokskap,dei listige er for snare ¬til å leggja planar.

14. Om dagen støyter dei ¬på mørker,middagstider trivlar dei ¬som om natta.

15. Dei fattige bergar han ¬frå kvasse sverd,ut or hendene på dei sterke.

16. Då er det von for småkårsfolk,vondskap må lata att sin munn.

17. Ja, sæl er den ¬som får refsing av Gud,tukt frå Den Allmektige ¬skal du ikkje vanvørda.

18. For om han sårar, fetlar han òg;og slår han, ¬lækjer han med si hand.

19. Seks gonger bergar han deg ¬frå trengsle,den sjuande ¬skal ulukka ikkje nå deg.

20. I hungersnaud friar han deg ¬frå døden,i krig frå det kvasse sverdet.

21. Bitande tunger ¬skal ikkje nå deg,du treng ikkje reddast ¬når ulukka kjem.

22. Du kan le åt herjing og hungerog treng ikkje reddast ¬for villdyra i landet.

23. For du har pakt ¬med steinane på marka,og villdyra held fred med deg.

24. Du merkar ¬at teltet ditt står trygt,du ser over din bustad, ¬og ingenting vantar.

25. Du får sjå at ætta di aukar,at dine ætlingar vert talrike ¬som plantene på jorda.

26. I fullmogen alder ¬skal du gå i grav,som kornband vert samla ¬i rette tid.

27. Ja, dette har vi granska, ¬og så er det.Det skal du høyra ¬og merka deg!