Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus og den samaritanske kvinna

1. Farisearane fekk vita at Jesus vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.

2. I røynda var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans.

3. Då Jesus fekk høyra dette om farisearane, tok han ut frå Judea og fór til Galilea att.

4. Han laut fara gjennom Samaria,

5. og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket Jakob gav Josef, son sin.

6. Der var Jakobs-brunnen. Jesus var trøytt etter ferda og sette seg ned innmed brunnen. Det var ikring den sjette timen.

7. Då kjem det ei samaritansk kvinne og vil henta vatn. Jesus seier til henne: «Lat meg få drikka!»

8. For læresveinane hans hadde gått inn i byen og skulle kjøpa mat.

9. «Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane.

10. Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.»

11. «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå?

12. Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?»

13. Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att.

14. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.»

15. Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»

16. Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom hit att!»

17. «Eg har ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du seier, at du ikkje har nokon mann,» sa Jesus.

18. «For du har hatt fem menn, og den du har no, er ikkje din mann. No sa du sant.»

19. «Herre, eg ser at du er ein profet,» sa kvinna.

20. «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.»

21. Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, det kjem ei tid då de korkje skal tilbe Faderen på dette fjellet eller i Jerusalem.

22. De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane.

23. Men det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Faderen i ånd og sanning. For slike tilbedarar er det Faderen vil ha.

24. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.»

25. Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem,» – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.»

26. Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som talar med deg.»

Jesus og samaritanane

27. I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg over at han tala med ei kvinne. Men ingen av dei spurde kva han ville, eller kvifor han tala med henne.

28. Då lét kvinna vasskrukka stå og gjekk inn i byen og sa til folket:

29. «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Han skulle vel ikkje vera Messias?»

30. Då gjekk dei ut or byen og kom til han.

31. I mellomtida sa læresveinane til Jesus: «Et, rabbi!»

32. Han svara: «Eg har ein mat å eta som de ikkje veit om.»

33. Då sa læresveinane seg imellom: «Kan nokon ha bore mat til han?»

34. Men Jesus sa til dei: «Min mat er å gjera det han vil som sende meg, og å fullføra hans verk.

35. Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten!

36. Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman.

37. Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar.

38. Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.»

39. Mange av samaritanane frå den byen trudde på Jesus på grunn av det kvinna sa då ho vitna: «Han har sagt meg alt det eg har gjort.»

40. Då no samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hjå seg, og han vart verande der to dagar.

41. Og mange fleire trudde då dei fekk høyra hans eige ord,

42. og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa; for vi har sjølve høyrt han, og vi veit for visst at han er den som skal frelsa verda.»

Den kongelege embetsmannen i Kapernaum

43. Då dei to dagane var lidne, tok Jesus ut derifrå og fór til Galilea.

44. Han hadde sjølv sagt at ein profet ikkje vert æra på sin eigen heimstad.

45. Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem på høgtida. Dei hadde vore på høgtida, dei òg.

46. Så kom Jesus atter til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og han hadde ein son som var sjuk.

47. Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han av stad og bad han koma ned og lækja son hans, for det stod om livet.

48. Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.»

49. Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!»

50. Jesus seier til han: «Gå heim, son din lever!» Og mannen trudde Jesu ord og gjekk.

51. Medan han var på heimvegen, kom tenarane imot han, og dei fortalde at guten hans levde.

52. Han spurde dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei sa: «I går i den sjuande timen gav feberen seg.»

53. Då skjøna faren at det hadde hendt i same stund som Jesus sa til han: «Son din lever.» Og dei trudde, både han og heile huslyden hans.

54. Dette var andre teiknet Jesus gjorde då han kom frå Judea til Galilea.