Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Pilatus tok no Jesus og lét dei piska han.

2. Soldatane fletta ei klungerkrone og sette på hovudet hans og hadde på han ei purpurkåpe.

3. Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, du jødekonge!» Og dei slo han i andletet.

4. Atter gjekk Pilatus ut or borga og sa til folket: «Her kjem eg ut til dykk med han, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hjå han.»

5. Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus sa til dei: «Sjå det mennesket!»

6. Men då overprestane og mennene deira fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hjå han.»

7. Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy, fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»

8. Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare.

9. Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.

10. «Svarar du meg ikkje?» sa Pilatus. «Veit du ikkje at eg har makt til å gje deg fri og makt til å krossfesta deg?»

11. Jesus svara: «Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå. Difor har han større skuld, han som gav meg over til deg.»

12. Etter dette ville Pilatus gjerne gje han fri. Men jødane ropa: «Gjev du denne mannen fri, er du ikkje keisarens ven. Den som gjer seg sjølv til konge, set seg opp mot keisaren.»

Jesus vert dømd

13. Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut or borga og sette seg i domarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata.

14. Det var helgaftan før påske, ikring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå, her er kongen dykkar!»

15. Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren,» svara overprestane.

16. Då gav han Jesus over til dei, så han skulle krossfestast.

Krossfesting og død

17. Så tok dei Jesus med seg. Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.

18. Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt imellom dei.

19. Pilatus hadde skrive ei innskrift og sett på krossen. Der stod det: «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»

20. Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk.

21. Overprestane åt jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje kongen over jødane, men at han sa: Eg er konge over jødane.»

22. Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»

23. Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og skifte dei i fire luter, ein lut til kvar soldat. Kjortelen tok dei òg; han var utan saumar, heilvoven ovanfrå og ned.

24. Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han!» Såleis skulle dette skriftordet oppfyllast:Dei skifte kleda mine ¬mellom segog kasta lodd om kjortelen min.Dette gjorde soldatane.

25. Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena.

26. Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: «Kvinne, det er son din.»

27. Så sa han til læresveinen: «Det er mor di.» Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg.

28. Jesus visste no at alt var fullført. Og for at Skrifta skulle oppfyllast, sa han: «Eg er tyrst.»

29. Det stod eit kar med eddikvin der. Av den vinen fylte dei ein svamp, som dei sette på ein isopstilk og heldt opp til munnen hans.

30. Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.

31. Det var helgaftan, og dei døde måtte ikkje verta hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina måtte brytast på dei og lika takast ned.

32. Soldatane kom då og braut beina, fyrst på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.

33. Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei braut ikkje hans bein.

34. Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.

35. Dette vitnar han som har sett det, og vitnemålet hans er sant. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru.

36. Dette hende for at skriftordet skulle oppfyllast:Ikkje eit bein skal brytast ¬på han.

37. Og eit anna skriftord seier:Dei skal sjå på han ¬som dei har gjennomstunge.

Jesus vert gravlagd

38. Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu lekam. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, av di han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned lekamen.

39. Nikodemus òg var der, han som fyrste gongen var komen til Jesus om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloë, ikring hundre pund.

40. Då tok dei Jesu lekam og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken var hjå jødane når nokon skulle gravleggjast.

41. På den staden Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav, som ingen endå var lagd i.

42. Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hjå jødane og grava låg så nær.