Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus og brørne hans

1. Sidan fór Jesus ikring i Galilea. Han ville ikkje vera i Judea fordi jødane stod han etter livet.

2. Så leid det fram til lauvhyttefesten, ei av høgtidene åt jødane.

3. Då sa brørne hans til han: «Far herifrå og reis til Judea, så læresveinane dine òg kan få sjå dei gjerningar du gjer.

4. For ingen som vil verta kjend, gjer noko i løynd. Når du gjer slike ting, så stig fram for verda!»

5. For brørne hans trudde ikkje på han, dei heller.

6. Jesus sa til dei: «Mi tid er enno ikkje komen, men for dykk er det alltid lagleg tid.

7. Verda kan ikkje hata dykk; men meg hatar ho, fordi eg vitnar om henne at gjerningane hennar er vonde.

8. Far de opp til høgtida; eg fer ikkje, for mi tid er enno ikkje komen.»

9. Dette sa han til dei og vart verande i Galilea.

10. Men då brørne hans var farne opp til høgtida, fór han òg dit, ikkje berrsynt, men meir i løynd.

11. Jødane leita etter han på høgtida og spurde: «Kvar er han?»

12. Og det vart kviskra mykje om han mellom folket. Somme sa: «Det er ein god mann.» Andre sa: «Nei, han fører folket vilt.»

13. Ingen sa høgt kva dei meinte om han, for dei var redde jødane.

Jesus kjem til lauvhyttefesten

14. Då det leid midt ut i høgtida, gjekk Jesus opp på tempelplassen og lærte.

15. Jødane undra seg og sa: «Kvar har han lærdomen sin frå, han som ikkje har fått noka opplæring?»

16. Jesus svara: «Mi lære er ikkje mi; ho er frå han som sende meg.

17. Den som vil gjera hans vilje, han skal få røyna om læra er frå Gud, eller om eg har henne frå meg sjølv.

18. Den som talar ut frå seg sjølv, søkjer si eiga ære; men den som søkjer ære for han som har sendt han, talar sant, og det finst ikkje urett i han.

19. Har ikkje Moses gjeve dykk lova? Men ingen av dykk held lova! Kvifor vil de då drepa meg?»

20. «Du er forgjord,» svara folket, «kven er det som vil drepa deg?»

21. Jesus svara: «Éi gjerning har eg gjort, som de alle undrar dykk over.

22. Moses har gjeve dykk omskjeringa – ja, ho er ikkje frå Moses, men frå fedrane – og de omskjer jamvel på ein sabbat.

23. Når no eit menneske kan omskjerast på ein sabbat, så ikkje Moselova skal brytast, kvifor er de då harme på meg fordi eg har gjort heile mannen frisk på ein sabbat?

24. Døm ikkje etter det de ser, men døm rettferdig!»

Kven Jesus er

25. Då sa nokre av dei som budde i Jerusalem: «Er ikkje dette den mannen som dei vil drepa?

26. Og no står han og talar ope og fritt, og dei seier ikkje eit ord til han. Kan rådsherrane verkeleg ha kome til at han er Messias?

27. Vi veit då kvar denne mannen er ifrå. Men når Messias kjem, skal ingen vita kvar han er ifrå.»

28. Då ropa Jesus ut medan han lærte på tempelplassen: «De kjenner meg og veit kvar eg er ifrå. Men eg er ikkje komen av meg sjølv; og han som har sendt meg, er truverdig. Han kjenner de ikkje.

29. Men eg kjenner han; for eg kjem frå han, og han har sendt meg.»

30. Då ville dei gripa han, men det var ingen som la hand på han, for endå var ikkje tida hans komen.

31. I folket var det mange som trudde på han, og dei sa: «Når Messias kjem, tru han då gjer fleire teikn enn denne mannen har gjort?»

32. Farisearane høyrde at folket gjekk og kviskra slik om han, og overprestane og farisearane sende ut nokre menn som skulle gripa han.

33. Då sa Jesus: «Endå ei lita stund er eg hjå dykk, så fer eg til han som har sendt meg.

34. De skal leita etter meg, men ikkje finna meg, for der eg er, dit kan de ikkje koma.»

35. Jødane sa no seg imellom: «Kvar vil han fara, sidan vi ikkje skal finna han? Tru om han vil fara til landsmennene våre som bur mellom grekarane, og preika for grekarar?

36. Kva meiner han med det han sa: De skal leita etter meg og ikkje finna meg, og der eg er, dit kan de ikkje koma?»

37. Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka.

38. Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.»

39. Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

40. Somme i folkehopen sa då dei høyrde orda hans: «Dette må sanneleg vera profeten.»

41. Andre sa: «Nei, det er Messias.» Då sa nokre: «Messias kjem då vel ikkje frå Galilea?

42. Seier ikkje Skrifta at Messias skal vera av Davids ætt og koma frå Betlehem, heimbyen til David?»

43. Såleis kløyvde folket seg i flokkar for hans skuld.

44. Somme ville gripa han, men ingen la hand på han.

45. Då vaktene kom attende, sa overprestane og farisearane til dei: «Kvifor tok de han ikkje med dykk?»

46. Dei svara: «Aldri har noko menneske tala som han.»

47. «Har de òg late dykk føra vilt?» sa farisearane.

48. «Er det nokon av rådsherrane som trur på han, eller av farisearane?

49. Men denne hopen som ikkje kjenner lova – han er forbanna!»

50. Då sa Nikodemus, ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus:

51. «Lova vår dømer vel ikkje ein mann før dei har forhøyrt han og fått vita kva han har gjort?»

52. «Er du òg frå Galilea, kan henda?» svara dei. «Gransk etter, så skal du få sjå at ingen profet kjem frå Galilea.»

Kvinna som hadde brote ekteskapet

53. Så gjekk dei heim, kvar til seg,