Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus vert salva i Betania

1. Seks dagar før påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt opp frå dei døde.

2. Der heldt dei eit gjestebod for han. Marta stelte for dei, og Lasarus var ein av dei som sat til bords med han.

3. Då tok Maria eit pund ekte, dyr nardussalve og salva Jesu føter og turka dei med håret sitt. Heile huset vart fylt av angen.

4. Då sa Judas Iskariot, ein av læresveinane, han som sidan sveik han:

5. «Kvifor vart ikkje denne salven seld for tre hundre denarar og pengane gjevne til dei fattige?»

6. Dette sa han ikkje fordi han hadde omsut for dei fattige, men fordi han var ein tjuv. Det var han som hadde pengepungen, og han tok av det som vart lagt der.

7. Men Jesus sa: «Lat henne vera! Ho har gøymt salven til gravferdsdagen min.

8. Dei fattige har de alltid hjå dykk, men meg har de ikkje alltid.»

9. Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus som han hadde vekt opp frå dei døde.

10. Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg,

11. for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.

Jesus rid inn i Jerusalem

12. Dagen etter spurdest det i den store folkehopen som var komen til høgtida, at Jesus var på veg inn i Jerusalem.

13. Då tok dei palmegreiner og gjekk til møtes med han og ropa:Hosianna!Velsigna vere han som kjem, ¬i Herrens namn,Israels konge!

14. Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:

15. Ottast ikkje, Sions dotter!Sjå, kongen din kjemridande på ein eselfole.

16. Dette skjøna ikkje læresveinane med det same; men då Jesus var herleggjord, kom dei i hug at dette var skrive om han, og at dei hadde helsa han så.

17. Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut or grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett.

18. Difor var det òg at folket drog ut til møtes med han; for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet.

19. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda flyg etter han.»

Jesus talar om at han skal døy

20. No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe på høgtida.

21. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.»

22. Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus.

23. Jesus svara: «Timen er komen då Menneskesonen skal herleggjerast.

24. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, er og vert det berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

25. Den som elskar livet sitt, misser det; men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.

26. Om nokon vil tena meg, må han fylgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, han skal Faderen æra.

27. No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne stunda? Nei, til denne stunda skulle eg koma.

28. Far, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Eg har herleggjort det og skal atter herleggjera det.»

29. Folket som stod der, høyrde det og sa at tora hadde slege. Andre sa: «Det var ein engel som tala til han.»

30. Då sa Jesus til dei: «Det var ikkje for mi skuld denne røysta lydde, men for dykkar.

31. No fell det dom over denne verda, no skal hovdingen over denne verda kastast ut.

32. Og når eg vert opplyft frå jorda, skal eg dra alle til meg.»

33. Dette sa han for å syna kva slag død han skulle få.

34. Då sa folket: «Vi har høyrt at det står i lova at Messias skal leva til evig tid. Korleis kan du då seia at Menneskesonen skal lyftast opp? Kven er denne Menneskesonen?»

35. Jesus svara: «Endå ei lita stund er ljoset mellom dykk. Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av.

36. Tru på ljoset så lenge de har ljoset, så de kan verta born åt ljoset.» Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han bort og løynde seg for dei.

Vantru og dom

37. Endå han hadde gjort så mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på han.

38. For det skulle oppfyllast, det ordet som profeten Jesaja har tala:Herre, kven trudde ¬bodskapen vår,og kven vart Herrens makt ¬openberra for?

39. Difor kunne dei ikkje tru; for ein annan stad seier Jesaja:

40. Han har gjort augo deira blindeog hjarta deira hardt,så dei ikkje skal sjå med augoog skjøna med hjartaog venda om, ¬så eg får lækja dei.

41. Dette sa Jesaja av di han såg Jesu herlegdom og tala om Jesus.

42. Likevel var det mange som trudde på han, jamvel av rådsherrane. Men dei ville ikkje kjennast ved det på grunn av farisearane, så dei ikkje skulle verta utstøytte or synagoga.

43. Dei ville heller ha ære av menneske enn ære av Gud.

44. Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som sende meg.

45. Og den som ser meg, ser han som har sendt meg.

46. Som ljos er eg komen til verda, så den som trur på meg, ikkje skal verta verande i mørkret.

47. Om nokon høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, så dømer ikkje eg han. For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelsa verda.

48. Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, han har ein domar over seg: Det ordet eg har tala, skal døma han på den siste dagen.

49. For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv; men Faderen som sende meg, han har gjeve meg påbod om kva eg skal seia og tala.

50. Og eg veit at det han vil med bodet sitt, er evig liv. Det eg talar, det talar eg så som Faderen har sagt meg.»