Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den oppstadne

Den tome grava

1. Tidleg om morgonen fyrste dagen i veka, medan det endå var mørkt, kom Maria Magdalena til grava. Då fekk ho sjå at steinen var teken bort frå grava.

2. Ho sprang av stad og kom til Simon Peter og den andre læresveinen, han som Jesus hadde kjær, og sa til dei: «Dei har teke Herren ut or grava, og vi veit ikkje kvar dei har lagt han.»

3. Då tok dei ut, både Peter og den andre læresveinen, og gav seg på veg til grava.

4. Dei sprang saman, men den andre læresveinen sprang snøggare enn Peter og kom fyrst til grava.

5. Han bøygde seg inn og såg linkleda liggja der, men han gjekk ikkje inn i grava.

6. Simon Peter fylgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der,

7. og kledet som Jesus hadde hatt over hovudet. Det låg ikkje saman med linkleda, men ihoprulla på ein stad for seg.

8. Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen fyrst til grava. Og han såg og trudde.

9. For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han skulle stå opp frå dei døde.

10. Så gjekk læresveinane heim.

Jesus syner seg for Maria Magdalena

11. Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava,

12. fekk ho auga på to kvitkledde englar som sat der Jesu lekam hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene.

13. «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.»

14. Med så sagt snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han.

15. «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han; då vil eg ta han med meg.»

16. «Maria,» seier Jesus. Då snur ho seg til han og seier på hebraisk: «Rabbuni» – det tyder meister.

17. Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje fare opp til Faderen. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»

18. Då gjekk Maria Magdalena av stad og sa til læresveinane: «Eg har sett Herren.» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.

Jesus syner seg for læresveinane

19. Det var om kvelden same dagen, den fyrste dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

20. Då han hadde sagt det, synte han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.

21. Atter sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.»

22. Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den Heilage Ande!

23. Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de dei att for nokon, er dei atthaldne.»

Tvilaren Tomas

24. Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje i lag med dei andre læresveinane då Jesus kom.

25. «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»

26. Åtte dagar etter var læresveinane hans atter samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus medan dørene var stengde; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»

27. Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, og sjå hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen, men truande!»

28. «Min Herre og min Gud!» sa Tomas.

29. Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur.»

30. Jesus gjorde mange andre teikn for augo på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka.

31. Men desse er oppskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.