Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus og Nikodemus

1. Det var ein mann som heitte Nikodemus; han var farisear og ein av rådsherrane åt jødane.

2. Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikn du gjer, utan at Gud er med han.»

3. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.»

4. Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?»

5. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.

6. Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd.

7. Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt.

8. Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»

9. «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus.

10. Jesus svara: «Du er ein lærar i Israel og veit ikkje det?

11. Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Vi talar om det vi veit, og vitnar om det vi har sett; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt.

12. Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske?

13. Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen.

14. Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,

15. så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.

16. For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

17. Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.

18. Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son.

19. Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde.

20. For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.

21. Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Døyparen Johannes vitnar om Jesus

22. Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.

23. Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa.

24. Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.

25. No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga.

26. Læresveinane kom til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.»

27. Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.

28. De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han.

29. Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.

30. Han skal veksa, eg skal minka.

31. Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle.

32. Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans.

33. Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant.

34. Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål.

35. Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand.

36. Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.»