Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den blindfødde

1. Då Jesus gjekk frametter, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.

2. Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»

3. Jesus svara: «Korkje han eller foreldra hans har synda. Men det hende for at Guds gjerningar skulle syna seg på han.

4. Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida.

5. Medan eg er i verda, er eg ljoset for verda.»

6. Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga ei gjørme og smurde på augo til mannen.

7. Så sa han til han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen.» Siloa tyder «utsend». Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.

8. Grannane og dei som før hadde sett at han tigga, sa då: «Er ikkje dette han som sat og bad seg?»

9. «Jau, det er han,» sa somme. Andre sa: «Nei, men han er lik han.» Sjølv sa han: «Det er eg.»

10. «Korleis vart augo dine opna?» spurde dei.

11. Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga ei gjørme og smurde på augo mine og sa: Gå til Siloa og vask deg! Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.»

12. «Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje,» svara han.

13. Så førte dei han som hadde vore blind, til farisearane.

14. Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga gjørma og opna augo hans.

15. Farisearane òg spurde korleis han hadde fått synet. «Han la ei gjørme på augo mine,» svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.»

16. Då sa nokre av farisearane: «Denne mannen er ikkje frå Gud, sidan han ikkje held sabbaten.» Andre sa: «Korleis kan ein syndig mann gjera slike teikn?» Det vart usemje mellom dei om dette.

17. Så spurde dei den blinde på nytt: «Kva meiner du om han, sidan det var dine augo han opna?» «Han er ein profet,» svara mannen.

18. Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og fått synet, før dei hadde henta foreldra hans. Dei sende bod etter dei

19. og spurde: «Er dette dykkar son, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?»

20. Foreldra svara: «Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind.

21. Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje; og heller ikkje veit vi kven som har opna augo hans. Spør han sjølv! Han er gamal nok til å svara for seg.»

22. Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte samde om at den som sanna at Jesus var Messias, skulle støytast ut or synagoga.

23. Difor sa foreldra hans: «Han er gamal nok, spør han sjølv!»

24. Andre gongen henta dei han som hadde vore blind, og sa til han: «Gjev Gud ære og tilstå! Vi veit at denne mannen er ein syndar.»

25. Han svara: «Om han er ein syndar, det veit eg ikkje. Men eitt veit eg: Eg var blind, og no ser eg.»

26. «Kva gjorde han med deg?» spurde dei. «Korleis opna han augo dine?»

27. «Eg har alt sagt dykk det,» sa han, «og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kan henda de òg vil verta læresveinane hans?»

28. Dei skjelte han ut og sa: «Du er hans læresvein, vi er læresveinane til Moses.

29. Vi veit at Gud har tala til Moses, men om denne mannen veit vi ikkje kvar han er ifrå.»

30. «Det er då underleg,» sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna augo mine.

31. Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har age for han og gjer etter hans vilje.

32. Frå opphavs tid har det aldri vore spurt at nokon har opna augo på ein blindfødd.

33. Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.»

34. Dei svara: «Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?» Så kasta dei han ut.

35. Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte han, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?»

36. Mannen svara: «Kven er han, Herre, så eg kan tru på han?»

37. «Du har sett han,» sa Jesus. «Det er han som no talar med deg.»

38. «Eg trur, Herre,» sa mannen og kasta seg ned for han.

39. Då sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal verta blinde.»

40. Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kan henda vi òg er blinde?»

41. Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga skuld. Men no seier de at de ser, og difor er og vert de skuldige.