Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vegen, sanninga og livet

1. Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

2. I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk.

3. Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.

4. Og dit eg går, veit de vegen.»

5. Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?»

6. Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

7. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

8. Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.»

9. Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen?

10. Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar.

11. Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld.

12. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen.

13. Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen.

14. Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Lovnad om Den Heilage Ande

15. Elskar de meg, så held de boda mine.

16. Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:

17. Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk.

18. Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.

19. Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva.

20. Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21. Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22. Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»

23. Jesus svara:Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

24. Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.

25. Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk.

26. Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Kristi fred

27. Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

28. De høyrde at eg sa: Eg går bort, og eg kjem til dykk att. Elska de meg, så gledde de dykk over at eg går til Faderen; for Faderen er større enn eg.

29. No har eg sagt dykk det før det hender, så de skal tru når det hender.

30. Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for hovdingen over denne verda kjem. Han har ikkje noko krav på meg;

31. men verda skal skjøna at eg elskar Faderen, og at eg gjer som han har sagt meg. Reis dykk, og lat oss gå herifrå!