Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesus vaskar føtene til læresveinane

1. Det var straks før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Faderen. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.

2. Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt skote det i hugen på Judas, son til Simon Iskariot, at han skulle svika han.

3. Jesus visste at Faderen hadde gjeve alt i hans hand, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.

4. Då reiser han seg frå bordet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.

5. Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene åt læresveinane og turka dei med handkledet som han har kring livet.

6. Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»

7. Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»

8. «Aldri skal du vaska føtene mine,» seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ikkje noko saman med meg,» svara Jesus.

9. Simon Peter seier til han: «Herre, ikkje berre føtene, men hendene og hovudet med!»

10. Men Jesus svara: «Den som har lauga seg, er heilt rein og treng ikkje vaska anna enn føtene. Og de er reine – men ikkje alle.»

11. For han visste kven som skulle svika han. Difor sa han: «De er ikkje reine alle.»

12. Då han hadde vaska føtene deira og teke på seg kappa, sette han seg til bords att. Så sa han til dei: «Skjønar de kva det er eg har gjort for dykk?

13. De kallar meg meister og herre, og det med rette, for det er eg.

14. Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skal de òg vaska føtene åt kvarandre.

15. Det er eit førebilete eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.

16. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.

17. No veit de det. Og sæle er de så sant de gjer etter det.

Svikaren

18. Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:Den som et mitt brød,syner meg hælen.

19. Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at «eg er Han».

20. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»

21. Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!»

22. Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte.

23. Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus.

24. Simon Peter gav han eit teikn, at han skulle spørja kven det var han meinte.

25. Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: «Herre, kven er det?»

26. Jesus svara: «Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.» Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot.

27. Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.»

28. Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette.

29. Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige.

30. Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt.

Eit nytt bod

31. Då han hadde gått, sa Jesus: «No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han.

32. Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart.

33. Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma.

34. Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre.

35. På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»

Jesus talar om Peters fornekting

36. Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du av?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje fylgja meg no; men du skal fylgja meg seinare.»

37. «Kvifor kan eg ikkje fylgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.»

38. Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.