Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jesu liding og død

Jesus vert teken til fange

1. Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i.

2. Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der.

3. Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen.

4. Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?»

5. «Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Det er eg,» seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg.

6. Då Jesus sa: «Det er eg», veik dei attende og fall til jorda.

7. Atter spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret,» svara dei.

8. «Eg har sagt dykk at det er eg,» sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!»

9. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mist ein einaste.»

10. Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.

11. Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»

Jesus for øvstepresten. Peter fornektar

12. Soldatane, offiseren og mennene frå jødane greip no Jesus og batt han.

13. Fyrst førte dei han til Annas, for han var verfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.

14. Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.

15. Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten saman med Jesus.

16. Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestjenta som heldt vakt ved porten, og fekk Peter med seg inn.

17. I det same seier ho til Peter: «Er du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei,» svara han, «det er eg ikkje.»

18. Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde gjort opp ein koleld og stod og vermde seg. Peter òg vart ståande der saman med dei og vermde seg.

19. Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans.

20. «Eg har tala ope og fritt for alle,» svara Jesus. «Eg har alltid lært i synagoger og i templet, der alle jødar kjem saman; i løynd har eg aldri tala.

21. Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei. Dei veit kva eg har sagt.»

22. Då gav ein av vaktmennene som stod der, Jesus eit slag i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?»

23. Jesus sa til han: «Har eg sagt noko urett, så prova det! Men var det rett det eg sa, kvifor slår du meg då?»

24. Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.

25. Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.»

26. Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning til han som Peter hadde hogge øyra av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?»

27. Men Peter nekta atter. Og med det same gol hanen.

Jesus for Pilatus

28. Frå Kaifas førte dei Jesus til borga åt landshovdingen. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet.

29. Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva klagemål fører de mot denne mannen?»

30. Dei svara: «Var han ikkje ein brotsmann, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.»

31. «Ta han de,» sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.»

32. Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt, då han lét dei få vita kva slag død han skulle få.

33. Pilatus gjekk då atter inn i borga; han kalla Jesus fram for seg og spurde: «Er du kongen over jødane?»

34. Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt deg det?»

35. «Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Folket ditt og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?»

36. Då sa Jesus: «Mitt rike er ikkje av denne verda. Var riket mitt av denne verda, hadde mennene mine stridt for meg, så eg ikkje skulle koma i hendene på jødane. Men riket mitt er ikkje av denne verda.»

37. «Så er du då konge?» sa Pilatus. «Du seier det,» svara Jesus. «Eg er konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.»

38. «Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen.

39. Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?»

40. Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.