Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ordet vart menneske

1. I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud.

2. Han var i opphavet hjå Gud.

3. Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til.

4. I han var liv, og livet var ljoset for menneska.

5. Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.

6. Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans.

7. Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han.

8. Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.

9. Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda.

10. Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje.

11. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han.

12. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans.

13. Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

14. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

15. Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»

16. Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde.

17. For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.

18. Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

Døyparen vitnar

19. Dette er det vitnemålet Johannes gav då jødane sende nokre prestar og levittar frå Jerusalem, som skulle spørja han: «Kven er du?»

20. Då sa han beint ut og sanna: «Eg er ikkje Messias.»

21. «Kven er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje,» svara han. «Er du profeten?» «Nei,» sa han.

22. «Sei oss då kven du er,» sa dei, «så vi kan ha eit svar til dei som har sendt oss. Kva seier du om deg sjølv?»

23. Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.»

24. Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane,

25. og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?»

26. Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner,

27. han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.»

28. Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.

29. Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!

30. Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg.

31. Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.»

32. Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.

33. Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande.

34. Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Dei fyrste læresveinane

35. Dagen etter stod atter Johannes der med to av læresveinane sine.

36. Då såg han Jesus koma gåande og sa: «Sjå, der er Guds lam!»

37. Dei to læresveinane høyrde kva han sa, og fylgde etter Jesus.

38. Jesus snudde seg, og då han såg at dei fylgde etter, sa han: «Kva vil de?» Dei spurde: «Kvar bur du, rabbi?» Rabbi tyder lærar.

39. «Kom og sjå,» svara Jesus. Så gjekk dei med han og såg kvar han budde; og dei vart verande hjå han den dagen. Det var ikring den tiande timen.

40. Andreas, bror til Simon Peter, var ein av dei to som hadde høyrt det Johannes sa, og fylgt etter Jesus.

41. Han finn fyrst bror sin, Simon, og seier til han: «Vi har funne Messias.» Messias er det same som Den Salvevigde.

42. Så tok han Simon med seg til Jesus. Jesus såg på han og sa: «Du er Simon, son til Johannes. Du skal heita Kefas.» Kefas er det same som Peter.

43. Dagen etter ville Jesus fara til Galilea. Då møtte han Filip og sa til han: «Fylg meg!»

44. Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.

45. Filip møtte Natanael og sa til han: «Vi har funne han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef.»

46. «Kan det koma noko godt frå Nasaret?» spurde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.

47. Jesus såg Natanael koma bort imot seg og sa: «Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som det ikkje finst svik i.»

48. «Kvar kjenner du meg ifrå?» spurde Natanael. Jesus svara: «Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg.»

49. Då sa Natanael: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge.»

50. «Trur du fordi eg sa at eg såg deg under fikentreet?» spurde Jesus. «Du skal få sjå større ting enn det.»

51. Og han sa: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga opp og stiga ned over Menneskesonen.»