Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kong Lemuels ord

1. Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han.

2. Kva skal eg seia deg, ¬min kjære son,du son som eg fekk ¬– eit svar på bøn?

3. Gjev ikkje di kraft til kvinner,ditt liv til dei ¬som tyner kongar.

4. Det sømer seg ikkje ¬for kongar, Lemuel,det sømer seg ikkje ¬for kongar å drikka vineller for fyrstar å nyta rusdrikk.

5. For då gløymer dei lov ¬og vedtektog rengjer retten ¬for kvar arming.

6. Gjev heller rusdrikk til densom held på å gå til grunne,og vin til den som er sorgtyngd.

7. Lat han drikka, ¬så han gløymer si armodog ikkje minnest si møde meir.

8. Lat opp din munn ¬for den som er mållaus,tal saka for dei ¬som held på å gå til grunne.

9. Lat opp din munn ¬og døm rettferdig,hjelp armingar og fattigfolk ¬til deira rett!

Den gode kona

10. Den gode kona, ¬kven finn vel henne?Meir er ho verd enn perler.

11. Mannen set all si lit til henne,og det skortar ikkje ¬på vinning.

12. Ho gjer berre godt imot han,og inkje vondt, ¬så lenge ho lever.

13. Ho syter for ull og lin,hennar hender arbeider ¬med liv og lyst.

14. Ho er som ein kjøpmanns skip,langt bortanfrå hentar ho mat.

15. Før det ljosnar av dag, ¬er ho oppe,gjev huslyden mat, ¬set jentene i arbeid.

16. Vil ho ha ein åker, ¬får ho tak i han;ho plantar ein vingard ¬for det ho har tent.

17. Styrke er beltet ho har ¬om livet,i armane legg ho kraft.

18. Ho merkar at arbeidet lukkast,hennar lampe ¬sloknar ikkje om natta.

19. Ho legg hendene på rokken,og fingrane grip om teinen.

20. Ho opnar handa ¬for dei som lid naud,retter armane ut til fattigfolk.

21. Kjem det snø, ¬er ho ikkje redd for huset,for heile hennar hus ¬er dobbelt kledt.

22. Teppe lagar ho sjølv,ho har klede av lin ¬og purpurfarga ull.

23. Hennar mann er kjend ¬der folket samlast,han sit i lag ¬med dei eldste i landet.

24. Ho lagar skjorter som ho sel,og sender belte ¬til kjøpmannen.

25. Kraft og vørdnad ¬er hennar klednad,og ho ler mot komande dagar.

26. Ho talar klokt ¬når ho opnar munnen,og venleg rettleiing ¬har ho på tunga.

27. Ho ser etter ¬korleis det går i huset,og et ikkje brød ¬ho har vunne i latskap.

28. Hennar søner stig fram ¬og prisar henne sæl,og mannen gjev henne ros:

29. «Det finst mange ¬dugande kvinner,men du går over dei alle.»

30. Ynde sviktar, og venleik forgår,ei kvinne som har age ¬for Herren, skal prisast.

31. Lat henne nyta frukta ¬av sitt arbeid;der menneske møtest,får ho ros for sine gjerningar.