Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ver ikkje arg ¬på vonde menn,ha ikkje hug til å vera med dei!

2. For dei tenkjer på å gjera vondtog talar berre om ulukke.

3. Med visdom byggjer ein hus,med skjøn reiser ein det.

4. Med godt skjøn vert roma fylteav alle slag dyre og fine ting.

5. Den vise mannen har styrke,den kunnige aukar si makt.

6. Med klok leiing ¬kan du føra krig;når mange gjev gode råd, ¬vinn du siger.

7. Visdom heng høgt for dåren,i rådet opnar han ikkje ¬sin munn.

8. Den som legg vonde planar,vert kalla ein renkesmed.

9. Det dåren finn på, er synd,og spottaren er ¬ein styggedom for folk.

10. Misser du motet ¬på trengselsdagen,då har du liten styrke.

11. Berga dei ¬som dei hentar til døden,hald att dei som skjelvande ¬går til rettarstaden.

12. Om du seier: ¬«Vi visste det ikkje»,skjønar han det likevel,han som prøver hjarto.Han som vaktar deg, veit detog løner kvar mann ¬etter hans gjerning.

13. Et honning, son min, ¬for den er god,den fine honningen ¬er søt for din gane.

14. Og vit at så er det òg ¬med visdom for sjela.Finn du den, ¬så har du ei framtid,di von er ikkje ute.

15. Ligg ikkje og lur, ¬du gudlause,på rettferdig manns bustad,og legg ikkje heimen hans ¬i øyde!

16. Sju gonger ¬kan den rettferdige fallaog reisa seg att,men dei gudlause stuper ¬når ulukka kjem.

17. Gled deg ikkje ¬når din fiende fell,fegnast ikkje når han stuper.

18. Elles vil Herren sjå det ¬med mishagog venda vreiden sin frå han.

19. Harmast ikkje ¬på dei som gjer vondt,og misunn ikkje dei gudlause!

20. For dei vonde ¬har inga framtid,lampa åt dei gudlause sloknar.

21. Ha age for Herren ¬og for kongen, son!Slå ikkje lag med opprørarar,

22. for brått er ulukka over dei.Kven veit når øydelegging ¬kjem frå dei begge?

Rett vitnemål og dom

23. Desse ordtøka er òg ¬av vismenn.Det er ille når ein domar ¬gjer skil på folk.

24. Seier nokon til ein skuldig: ¬«Du har rett»,så vil menneske forbanna hanog folkeslag ynskja vondt ¬over han.

25. Men dei som dømer rett, ¬går det vel,lukke og velsigning ¬kjem over dei.

26. Å gje greie svarer som å gje kyss på lippa.

27. Fullfør arbeidet ute,gjer deg ferdig på åkeren,så kan du byggja deg hus.

28. Ver ikkje utan grunnvitne mot nesten din!Du vil vel ikkje svika ¬med lippene dine?

29. Sei ikkje: ¬«Som han har gjort ¬med meg,så vil eg gjera med han;eg vil løna mannen ¬etter hans gjerning.»

Latskap og fattigdom

30. Eg gjekk framom ¬ein lat manns mark,langs vingarden ¬åt ein tankelaus mann.

31. Sjå, der var det fullt av nesler,grunnen var overgrodd ¬med ugras,og steingarden kringom ¬var nedriven.

32. Eg såg det ¬og beit meg merke i det,eg tok lærdom av dette synet.

33. «Lat meg sova litt til, ¬ein ørliten blund,leggja hendene saman ¬og kvila ei stund!»

34. Då kjem fattigdomen ¬som ein farande fantog nauda som ein tiggar.