Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Visdom og gudsfrykt

1. Gløym ikkje det ¬eg har lært deg, son min,ta vare på mine bod i ditt hjarta!

2. For dei gjev deg ¬mange dagar og årog gjer di lukke større.

3. Lat aldri godleik ¬og truskap fara,men bind dei om din hals,og skriv dei på di hjartetavle!

4. Då får Gud og menneske ¬godvilje for degog held deg for ein vitug mann.

5. Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta,og set ikkje lit til ditt vit!

6. Tenk på han ¬kvar du ferdast,så gjer han dine stigar jamne.

7. Ver ikkje klok i eigne augo,ha age for Herren,og hald deg frå det ¬som er vondt!

8. Det vert til helsebot ¬for kroppenog gjev deg kraft ¬i merg og bein.

9. Æra Herren med det du eig,med fyrstegrøda ¬av all di avling.

10. Då vert di matbu rikeleg fylt,og druesafta renn over ¬i kummane dine.

11. Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt,miss ikkje motet når han refser!

12. For Herren tuktar ¬den han elskar,som ein far refser ¬den son han har kjær.

Sæl er den som finn visdom

13. Sæl er den som finn visdom,det menneske ¬som vinn godt skjøn.

14. Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv,den vinning han gjev, ¬er større enn gull.

15. Dyrare er han enn perler,av alle dine skattar ¬er ingen som den.

16. I si høgre hand ¬har han langt liv,i si venstre rikdom og ære.

17. På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara,alle hans stigar fører til fred.

18. Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han,sæle er dei ¬som held fast på han.

19. Herren grunnla jorda ¬med visdomog reiste himmelen med skjøn.

20. Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa framog dogga drypa frå skyene.

21. Ta vare på klokskap ¬og omtanke,og slepp dei ikkje or syne, son!

22. Då skal dei vera til liv for deg,ei fager kjede om halsen din.

23. Då kan du vandra trygt ¬på din vegog ikkje støyta foten mot noko.

24. Du er ikkje redd ¬når du går til ro,når du har lagt deg, ¬søv du så godt.

25. Du treng ikkje reddast ¬for støkk,for stormen som kjem ¬over dei vonde.

26. For du kan setja di lit ¬til Herren,han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara.

Gjer vel mot din neste!

27. Gjer vel mot dei som treng det,nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt!

28. Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg,og kom att i morgon, ¬så skal du få!»– så sant du har noko ¬å gje han no.

29. Legg ikkje vonde planar ¬mot din nestesom bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg.

30. Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn,når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt.

31. Misunn ikkje den ¬som brukar vald,vel ikkje å fylgja i hans fotefar!

32. Den som fer vilt, ¬er ein styggedom for Herren,men med dei ærlege ¬har han samfunn.

33. Herren forbannar ¬huset åt dei gudlause,men heimen åt dei rettferdige ¬velsignar han.

34. Spottarar svarar han ¬med spott,men dei audmjuke ¬gjev han nåde.

35. Vise menn vinn ære,men dårar får stor skam.