Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den velsigning visdomen gjev

1. Eit mildt svar ¬døyver sinne,sårande ord vekkjer vreide.

2. Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap,men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.

3. Herrens augo er alle stader,dei vaker over vonde ¬og gode.

4. Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre,men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.

5. Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin,klok er den ¬som aktar på refsing.

6. I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom;det den gudlause vinn, ¬går tapt.

7. Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap,men dårens hjarta er ikkje rett.

8. Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren,men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.

9. Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren,men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.

10. Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen,den som hatar refsing, må døy.

11. Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren,kor mykje meir ¬då menneskehjarta.

12. Spottaren mislikar refsing,til dei vise går han ikkje.

13. Glede i hjarta gjer andletet ljost,men hjartesorg gjer motlaus.

14. Vitug mann søkjer kunnskap,men dårar fer berre ¬med dårskap.

15. For ein arming ¬er dagane vonde,men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod.

16. Betre er lite med otte ¬for Herrenenn stor rikdom med uro attåt.

17. Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleikenn oksesteik med hat attåt.

18. Bråsint mann ¬valdar strid og trette,den langmodige ¬får striden til å stilna.

19. For den late er vegen ¬som eit klungergjerde,men jamn er stigen ¬for dei ærlege.

20. Ein klok son ¬er til glede for far sin,ein dum mann ¬vanvørder mor si.

21. Den tankelause ¬har glede av dårskap,den vituge går beint fram.

22. Utan rådlegging ¬mislukkast planane,men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.

23. Mannen gled seg ¬når munnen kan svara.Kor godt med eit ord i rette tid!

24. For den kloke ¬fører livsvegen oppover,og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.

25. Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige,enkjer lèt han få ha si jord.

26. Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren,men milde ord er reine.

27. Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr,men den som hatar muter, ¬får leva.

28. Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar,men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.

29. Herren er langt borte ¬frå dei vonde,men han høyrer bøna ¬åt dei rettferdige.

30. Lysande augo gjer hugen glad,god bodskap gjev merg i bein.

31. Når ein høyrer på refsing ¬som tener livet,held ein gjerne lag med dei vise.

32. Den som avviser tukt, ¬vanvørder seg sjølv,den som høyrer på refsing, ¬får godt skjøn.

33. Age for Herren ¬manar til visdom,føre ære går audmykt.