Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den som held bodet, tek vare på livet

1. Betre å vera fattig ¬og heil i si ferdenn å vera ein dåre ¬som talar lygn.

2. Jamvel iver er gagnlaus ¬når det vantar vit,og den som har hastverk, ¬trør feil.

3. Ein manns dårskap ¬fører han til fall,men i sitt hjarta ¬er han harm på Herren.

4. Den som er rik, ¬får mange vener,men den fattige ¬misser den venen han har.

5. Falske vitne slepp ikkje straff,dei som fer med lygn, ¬går ikkje fri.

6. Mange smeikjer for dei store,alle er vener med dei rause.

7. Fattigmanns frendar ¬hatar han alle,jamvel venene held seg borte.Han vil vinna dei med ord, ¬men dei kjem ikkje.

8. Den som vinn seg skjøn, ¬har livet kjært,den som tek vare på vitet, ¬finn lukka.

9. Falske vitne slepp ikkje straff,dei som fer med lygn, ¬går til grunne.

10. Det høver ikkje for dåren ¬å ha gode dagar,enn mindre for trælen ¬å rå over fyrstar.

11. Klokskap gjer mennesket ¬langmodig,å tola urett ¬er ei ære for mannen.

12. Kongens vreide ¬er som løvebrøl,hans velvilje ¬er som dogg i graset.

13. Ein uvitug son ¬er ei ulukke for far sin,kvinnetrette ¬er som si-drop frå taket.

14. Hus og gods er fedrearv,ei vitug kone ¬er ei gåve frå Herren.

15. Latskap svæver tungt i svevn,og letingen må svelta.

16. Den som held bodet, ¬tek vare på livet,den som ikkje vørder si åtferd, ¬må døy.

17. Den som hjelper ein arming, ¬låner til Herren,og Herren løner han ¬for hans velgjerning.

18. Tukta son din ¬medan det enno er von,men lat deg ikkje riva med ¬så du drep han.

19. Den som lèt sinnet ta makta, ¬må bøta;vil du hjelpa han, ¬må du gjera det atter og atter.

20. Høyr på råd ¬og ta imot formaning,så vert du vis til slutt.

21. I mannens hjarta ¬er det mange tankar,men Herrens plan står fast.

22. Det ein ventar av mennesket, ¬er truskap;det er betre å vera fattig ¬enn å fara med lygn.

23. Age for Herren fører til liv;mett kan ein gå til nattekvileog kjem ikkje ut for noko vondt.

24. Den late stikk handa i fatet,men får henne ikkje opp ¬til munnen eingong.

25. Slår du ein spottar, ¬vert styvingen klok,refser du den vituge, ¬får han større skjøn.

26. Den som er hard med far sin ¬og jagar bort mor si,er ein ring og skamlaus son.

27. Hald opp med å høyra ¬på formaning, son,så går du glipp av ¬dei ord som gjev kunnskap.

28. Eit svikefullt vitne ¬spottar retten,munnen på gudlause ¬gløyper vondskap.

29. Straff er fastsett ¬for dei som spottar,og pryl for ryggen på dårar.