Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Alt er fåfengd

1. Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem.

2. Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren,berre ideleg fåfengd!

3. Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev,som det møder seg med ¬under sola?

4. Ætter går, og ætter kjem,men jorda står alltid ved lag.

5. Sola renn, og sola glader,så skundar ho seg attendetil staden der ho går opp.

6. Vinden blæs mot sør,så snur han mot nord;støtt snur og skifter hanog tek atter til ¬på same rundgang.

7. Alle elvar renn ut i havet,men havet vert ikkje fullt;dit elvane før har runne,held dei fram med å renna.

8. Mannen trøytnar av å talaog får ikkje sagt det han vil.Auga vert ikkje mett av å sjå,og øyra får aldri nok ¬av å høyra.

9. Det som var, skal alltid vera,og det som hende, ¬skal atter henda.Det finst ingenting nytt ¬under sola.

10. Vert det sagt om eitkvart: ¬«Sjå, dette er nytt»,har det likevel funnest før,alt ifrå eldgamal tid.

11. Ingen tenkjer på ætter ¬som var;og ætter som ein gong kjem,vil heller ikkje leva i minnethjå dei som sidan fylgjer.

Forkynnaren vil granska livet

12. Eg, Forkynnaren, var kongeover Israel, i Jerusalem.

13. Eg sette meg føre å granskaog ransaka med visdomalt det som hender ¬under himmelen.Det er eit plagsamt strevGud har gjeve menneska.

14. Eg såg på alt det som hender,og det som vert gjort ¬under sola.Sjå, alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

15. Det som er kroket, ¬kan ikkje beinkast,og det som vantar, ¬kan ikkje teljast.

16. Eg tenkte med meg:Sjå, eg har fått større ¬og rikare visdomenn alle dei som har styrti Jerusalem før meg.Mykje har eg røynt ¬av visdom og kunnskap.

17. Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna,å få kjennskap ¬til vitløyse og dårskap.Men eg fann at det òg ¬er jag etter vind.

18. For med stor visdom ¬fylgjer mange suter.Den som aukar sin kunnskap, ¬aukar si kvide.