Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

På vitug manns lipper er visdom å finna

1. Ordtøke av Salomo. Ein klok son ¬er til glede for far sin,men ein uvitug son ¬er mor si til sorg.

2. Gagnlause er skattar ¬vunne med urett,men rettferd bergar frå døden.

3. Herren lèt ikkje ¬den rettferdige svelta,men seier nei ¬når dei gudlause krev.

4. Fattig vert den ¬som er lat i sitt arbeid,men strevsam hand gjer rik.

5. Klok er den som samlar i hus ¬om sommaren,skam får den ¬som søv i skurdonna.

6. Over hovudet ¬på den rettferdigekjem velsigning frå Herren,men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

7. Velsigna er minnet ¬om den rettferdige,men namnet åt dei gudlause ¬rotnar bort.

8. Klok er den ¬som tek boda til seg,men den som fer ¬med dumt snakk, fell.

9. Trygt går den ¬som er heil i si ferd,men den som går krokvegar, ¬vert gripen.

10. Den som blunkar listig ¬med auga, valdar skade,den som fer ¬med dumt snakk, fell.

11. Rettferdig manns munn ¬er ei kjelde til liv,men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

12. Hat vekkjer strid og trette,men kjærleik løyner alle brot.

13. På vitug manns lipper ¬er visdom å finna,men stokken skal brukast ¬på ryggen åt den tankelause.

14. Dei vise samlar på kunnskap;når dåren talar, er ulukka nær.

15. Rikmanns gods ¬er hans faste borg,armod er ulukka for dei fattige.

16. Det den rettvise tener, gjev liv,det den gudlause vinn, ¬fører til synd.

17. Å akta på tukt ¬er ein veg til liv,den som vanvørder refsing, ¬går seg bort.

18. Den som løyner hat, ¬har falske lipper,ein dåre er den ¬som fer med slarv.

19. Den som talar mykje, ¬syndar lett,klok er den som tøymer tunga.

20. Rettferdig manns tunge ¬er som utvalt sølv,det dei gudlause tenkjer, ¬er ingenting verdt.

21. Rettferdig manns lipper ¬styrkjer mange,men dårar døyr, ¬for dei har ikkje vit.

22. Det er Herrens velsigning ¬som gjer rik,eige strev legg ingenting til.

23. Skamlaus gjerning ¬er til lyst for dåren,den vituge gleder seg ¬over visdom.

24. Det den gudlause reddast, ¬kjem over han,dei rettferdige får ¬det dei lengtar etter.

25. Når stormen fer fram, ¬vert den gudlause borte,rettvis mann ¬har ein grunnvoll som varer.

26. Som eddik for tennene ¬og røyk for augoer den late tenaren ¬for sin herre.

27. Age for Herren forlengjer livet,men gudlause menn ¬får færre år.

28. Rettferdige menneske ¬har glede i vente,men vona kverv ¬for dei gudlause.

29. Herrens veg ¬er eit vern for dei ærlege,men ugjerningsmenn ¬går til grunne der.

30. Den rettferdige ¬skal alltid stå støtt,men dei gudlause ¬får ikkje bu i landet.

31. Rettferdig manns munn ¬ber visdoms frukt,men falske tunger ¬skal skjerast av.

32. Den rettferdige veit ¬å velja høvande ord,falskt er alt ¬det dei gudlause seier.