Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Visdoms og dårskaps veg

1. Kvinnevisdom ¬byggjer huset,men dårskap ¬riv det ned med hendene.

2. Den som ferdast rett, ¬har age for Herren,den som går krokvegar, ¬vanvørder han.

3. Dårens munn ¬vert eit ris for hans hovmod,men for vismenn ¬er lippene eit vern.

4. Utan oksar er krubba tom,med sterke stutar ¬fylgjer stor avling.

5. Eit ærleg vitne lyg ikkje,men falske vitne fer med lygn.

6. Ein spottar søkjer visdom, ¬men finn han ikkje;for den som er klok, ¬er det lett å få kunnskap.

7. Hald deg borte ¬frå dumme menn,du finn ikkje vit ¬på lippene deira.

8. Det er klok manns visdom ¬at han kjenner sin veg,og dårars dårskap ¬at dei narrar seg sjølve.

9. Dårane spottar skuldofferet,men velvilje rår ¬mellom ærlege folk.

10. Hjarta kjenner si eiga sorg,og ingen annan ¬er med det i gleda.

11. Gudlause folk ¬får sitt hus lagt i øyde,men ærlege folk ¬ser teltet sitt bløma.

12. Om mannen meiner ¬at vegen er rett,kan han likevel enda i døden.

13. Jamvel når ein ler, ¬kan hjarta lida,og gleda endar ofte med sorg.

14. Den fråfalne får att for si ferd,og ein god mann ¬held seg borte frå han.

15. Ein godtruen mann ¬trur alt som vert sagt,den kloke gjev akt på sine steg.

16. Den vise ottast ¬og skyr det vonde,dåren går på ¬og kjenner seg trygg.

17. Den som er bråsint, ¬gjer dumme ting,den som tenkjer seg om, ¬vert mislikt.

18. Det dei godtrune får, ¬er dårskap,men dei kloke vert krona ¬med kunnskap.

19. Dei vonde må bøya seg ¬for dei gode,dei gudlause står ved dørene ¬åt dei rettferdige.

20. Jamvel av vener ¬vert den fattige hata,men mange er dei ¬som elskar den rike.

21. Synd gjer den ¬som vanvørder sin neste,sæl er den som har medynk ¬med armingar.

22. Dei som tenkjer ut vondt, ¬fer vilt,dei som har godt i tankar, ¬møter miskunn og truskap.

23. Alt strev fører vinning ¬med seg,men tomt snakk gjev berre tap.

24. Dei vise vert krona ¬med rikdom,dårars dårskap ¬er alltid dårskap.

25. Eit ærleg vitne bergar liv,men ein svikar er den ¬som fer med lygn.

26. Den som ottast Herren, ¬har eit trygt vern,og for hans born er det livd.

27. Age for Herren ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

28. Mykje folk ¬er ei ære for kongen,men for lite folk ¬gjer at fyrsten fell.

29. Visleg mann har godt skjøn,bråsinne er den største ¬dårskap.

30. Ro i hugen gjev kroppen liv,lidenskap er som rotenskap ¬i bein.

31. Den som er hard ¬med ein arming,spottar hans skapar,den som er mild mot dei ¬fattige, ærar Gud.

32. Den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap,i sin ærlegdom ¬finn den rettferdige livd.

33. I klok manns hjarta ¬finn visdomen ro,men hjå dårar ¬gjev han seg til kjenne.

34. Rettferd lyfter eit folk,men synd er ei skam for folka.

35. Kongen likar den kloke tenar,men harmast på den ¬som skjemmer seg ut.