Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vismanns lære er ei kjelde til liv

1. Ein klok son ¬lèt seg aga av far sin,men spottaren høyrer ikkje ¬på skjenn.

2. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram,dei trulause trår etter vald.

3. Den som aktar sin munn, ¬tek vare på livet,den som er stor i munnen, ¬skader seg sjølv.

4. Den late vil ha, ¬men får ikkje noko,den annsame får ¬det han ynskjer seg.

5. Den rettvise hatar usann tale,den gudlause ber seg ¬stygt og skamlaust åt.

6. Rettferd vernar ¬den som er heil i si ferd,men gudløyse fører ¬ein syndar til fall.

7. Ein ter seg rik, ¬men har ingen ting,ein annan ter seg fattig, ¬men eig mykje.

8. Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom,ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål.

9. Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt,men lampa åt dei gudlause ¬sloknar.

10. Hovmod fører berre til trette,kloke er dei som tek imot råd.

11. Lettvunnen rikdom ¬minkar snart,den som samlar litt etter litt, ¬får mykje.

12. Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta,som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.

13. Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv,den som ottast bodet, får løn.

14. Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv,ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

15. Den som har godt vit, ¬vinn velvilje,men svikarars veg ¬fører til ulukke.

16. Den som er klok, ¬fer fram med vit,men dåren lèt alle ¬sjå hans dårskap.

17. Ein gudlaus bodberar ¬fell i ulukke,med eit trufast sendebod ¬fylgjer lækjedom.

18. Armod og skam får den ¬som ikkje vil vita av tukt,men ære får den ¬som aktar på refsing.

19. Eit oppfylt ynske ¬gjer sjela godt,å vika frå vondskap ¬er ei gru for dårar.

20. Den som held lag ¬med vismenn, vert vis,men dårars ven går det ille.

21. Ulukke forfylgjer syndarar,dei rettferdige får lukke til løn.

22. Ein god mann lèt etter seg arv ¬til barneborn,men det syndaren eig, ¬er spart til den rettvise.

23. Fattigfolks nybrot ¬gjev rikeleg føde,men ho går tapt når uretten rår.

24. Den som sparer på riset, ¬hatar son sin,den som elskar han, ¬tuktar han tidleg.

25. Den rettvise får eta seg mett,men dei gudlause må gå ¬med magen tom.