Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Visdomen kallar

1. Høyr, korleis visdomsmøya ¬ropar,og vitet lyfter si røyst!

2. Ho står på bakketoppane ¬ved vegen,nett der stigane møtest.

3. Attmed portane ¬som fører inn i byen,attmed inngangen til portane ¬ropar ho høgt:

4. Eg ropar til dykk, godt folk,til menneska lyder mi røyst.

5. Lær dykk klokskap, ¬de urøynde,få vit, de dårar!

6. Høyr! Viktige ting ¬vil eg tala om,frå munnen min ¬kjem rettvise ord.

7. Mi tunge talar sanning,og lippene styggjest ¬ved det som er vondt.

8. Kvart ord frå min munn ¬er rett,det er ingenting vondt ¬eller vrangt i dei.

9. Dei er endeframme ¬for den vituge,lette å skjøna ¬for den som har kunnskap.

10. Ta imot mi åtvaring ¬heller enn sølv,den kunnskap eg gjev, ¬framfor utvalt gull.

11. For visdom er betre enn perler,av alle skattar er ingen ¬som den.

Visdoms frukt

12. Eg, visdomen, ¬har klokskap til granne,eg har kunnskap ¬og gjev gode råd.

13. Age for Herren ¬er å hata det vonde.Eg hatar hovmod og storlæte,stygg åtferd og svikefull tale.

14. Eg gjev råd og hjelp ¬som fører til framgang,eg har vit og styrke.

15. Ved meg kan kongar rådaog fyrstar fastsetja ¬kva som er rett.

16. Ved meg kan stormenn styraog alle hovdingar ¬døma rettferdig.

17. Eg elskar dei som elskar meg,og dei som leitar etter meg, ¬finn meg.

18. Hjå meg er rikdom og ære,gamalt arvegods ¬og rettkomen vinning.

19. Mi frukt er betre ¬enn det finaste gull,mi vinning betre ¬enn utvalt sølv.

20. Eg går på rettferds veg,held meg midt på ¬dei rette stigar.

21. Så gjev eg rikdom ¬til dei som elskar meg,og fyller deira forrådsrom.

Opphavet til visdom

22. Herren skapte meg fyrst av alt,eg var hans fyrste verk ¬i fordoms tid.

23. I opphavet vart eg forma,i fyrstninga, før jorda vart til.

24. Før havdjupet var der, ¬vart eg fødd,før kjeldene fyltest med vatn.

25. Før fjella vart sette på plass,før alle haugar vart eg fødd,

26. før Herren hadde skapt ¬jord og markerog den fyrste mold på jorda.

27. Eg var der ¬då han reiste himmelenog spente kvelven over djupet,

28. då han samla skyene der oppeog lét kjeldene i havdjupet ¬strøyma sterkt.

29. Då han sette grense for havet,så vatnet stansa der han baud,og han la grunnvoll ¬under jorda,

30. då var eg bygningsmann ¬hjå han.Eg var til glede for han ¬dag etter dagog leika meg støtt ¬for hans åsyn.

31. Eg leika på heile hans vide jordog hadde min hugnad ¬i menneskeborna.

32. Så høyr no på meg, mine born!Sæle er dei ¬som fylgjer mine vegar.

33. Høyr på mi formaning,og slå ikkje vrak på den!Så vert de vise.

34. Sæl er den som høyrer på meg,som dagleg vaker ¬ved mine dørerog held vakt ved mine portar.

35. For den som finn meg, ¬finn livetog får nåde hjå Herren.

36. Men den som ikkje finn meg, ¬skader seg sjølv;alle som hatar meg, ¬elskar døden.