Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Paulus på fyrste misjonsferda

Paulus og Barnabas vert utsende

1. I kyrkjelyden i Antiokia var det nokre profetar og lærarar; der var Barnabas og Simeon, som dei kalla Niger, Lukius frå Kyréne, Manaen, fosterbror til Herodes, fylkeskongen, og Saulus.

2. Ein gong medan dei heldt gudsteneste og fasta, sa Den Heilage Ande: «Ta ut Barnabas og Saulus åt meg, og lat dei gå til den gjerning eg har kalla dei til!»

3. Då heldt dei faste og bøn, la så hendene på dei og lét dei fara.

4. Dei som såleis var utsende av Den Heilage Ande, fór fyrst ned til Seleukia, og derifrå siglde dei til Kypros.

5. Då dei var komne til Salamis, forkynte dei Guds ord i dei jødiske synagogene. Johannes var med og hjelpte dei.

6. Dei fór tvert over øya, heilt til Pafos. Der råka dei på ein jødisk trollmann, ein falsk profet som heitte Barjesus.

7. Han heldt til hjå fylkeshovdingen Sergius Paulus. Det var ein vitug mann, og han bad Barnabas og Saulus til seg av di han gjerne ville høyra Guds ord.

8. Men Elymas, trollmannen – som namnet hans tyder – stod dei imot og freista å få fylkeshovdingen bort frå trua.

9. Då vart Saulus, som òg heittePaulus, fylt av Den Heilage Ande. Han såg kvast på trollmannen

10. og sa: «Du djevelens son, full av allslags svik og vondskap og fiende av all rettferd! Skal du aldri halda opp med å gjera Herrens beine vegar krokete?

11. No legg Herren si hand på deg: Du skal vera blind ei tid og ikkje sjå sola.» I same stunda vart det svart for augo hans, og han trivla seg fram og leita etter einkvan som kunne leia han.

12. Då fylkeshovdingen såg det som hadde hendt, undra han seg storleg over Herrens lære og kom til tru.

Paulus talar i Antiokia i Pisidia

13. Så siglde dei av stad, Paulus og dei som var med han, og fór frå Pafos til Perge i Pamfylia. Der skilde Johannes lag med dei og drog attende til Jerusalem.

14. Dei andre tok ut att frå Perge og kom til Antiokia i Pisidia, og på sabbatsdagen gjekk dei inn i synagoga og sette seg.

15. Etter at det var lese frå lova og profetane, sende synagogeforstandarane bod til dei med desse orda: «Brør, har de eit ord som kan vera til påminning for folket, så tal!»

16. Då reiste Paulus seg, gav teikn med handa og sa:Israelittiske menn og de andre som trur på Gud, høyr på meg!

17. Han som er Gud åt Israels-folket, valde ut fedrane våre. Han gjorde dei til eit stort folk då dei var innflyttarar i Egypt, og med opplyft arm førte han dei ut derifrå.

18. I om lag førti år sytte han for dei i øydemarka.

19. Han øydde ut sju folk i Kanaan og lét dei få landet deira til odel og eige.

20. Dette gjekk føre seg i om lag fire hundre og femti år. Sidan gav han dei domarar; den siste av dei var profeten Samuel.

21. Så bad dei om ein konge, og Gud gav dei Saul, son til Kisj, ein mann av Benjamins-ætta, og han var konge i førti år.

22. Men Gud tok riket frå han og gjorde David til kongen deira. Han fekk dette vitnemålet av Gud: Eg har funne David, son til Isai, ein mann som er etter mitt hjarta; han kjem til å gjera alt det eg vil.

23. I hans ætt lét Gud ein frelsar for Israel stiga fram, så som han hadde lova; det er Jesus.

24. Før han kom, hadde Johannes forkynt omvendingsdåp for heile Israels-folket.

25. Og då Johannes mest hadde fullført livsverket sitt, sa han: «Eg er ikkje den de held meg for å vera. Men etter meg kjem det ein som eg ikkje er verdig til å løysa skorne av.»

26. Brør, både de som er av Abrahams ætt, og de andre som trur på Gud, det var til oss ordet om denne frelsa vart sendt.

27. For dei som bur i Jerusalem, og leiarane deira kjende han ikkje, men dømde han og oppfylte med det dei profetord som vert lesne kvar sabbat.

28. Dei fann ikkje noko som dei kunne døma han til døden for, men kravde at Pilatus skulle rydja han or vegen.

29. Og då dei hadde fullført alt det som er skrive om han, tok dei han ned frå krossen og la han i ei grav.

30. Men Gud reiste han opp frå dei døde,

31. og sidan synte han seg mange dagar for dei som hadde fylgt han frå Galilea opp til Jerusalem, dei som no er hans vitne for folket.

32. Og no kjem vi til dykk med den glade bodskapen, at den lovnaden som vart gjeven til fedrane våre,

33. den har Gud oppfylt for oss, borna deira, då han reiste opp Jesus. Så står det òg skrive i den andre salmen:Du er son min,eg har født deg i dag.

34. Men at Gud reiste han opp frå dei døde så han aldri meir skal gå til grunne, det har han sagt med desse orda: Eg vil oppfylla for dykk dei heilage og ubrytelege lovnadene som David fekk.

35. Og ein annan stad seier han: Du skal ikkje la din Heilage gå til grunne.

36. David var ein tenar for Guds plan så lenge han levde. Så døydde han og vart gravlagd hjå fedrane sine. Han gjekk til grunne.

37. Men han som Gud reiste opp, gjekk ikkje til grunne.

38. Så skal de då vita, brør, at ved han vert det forkynt dykk forlating for syndene. Alt det som de ikkje kunne verta frikjende for ved Moselova,

39. det vert kvar den som trur, frikjend for ved han.

40. Ta dykk i vare, så det ikkje skal koma over dykk, det som er sagt av profetane:

41. Sjå, de som er fulle ¬av vanvørdnad,de skal undra dykk ¬og verta til inkjes.For eit verk gjer eg ¬i dykkar dagar,eit verk som de ikkje ville truom det vart dykk fortalt.

42. Då dei gjekk ut, bad folk dei tala om dette neste sabbat òg.

43. Og då synagogemøtet var slutt, var det mange som fylgde dei, både jødar og heidningar som hadde gått over til jødetrua. Og Paulus og Barnabas tala med dei og la dei på hjarta at dei måtte halda fast ved Guds nåde.

44. Den neste sabbaten strøymde mest heile byen til og ville høyra Guds ord.

45. Men då jødane såg alt dette folket, vart dei oppeggja; dei spotta og la imot det Paulus forkynte.

46. Då tok Paulus og Barnabas til ords og sa beint ut: «Det var naudsynt at Guds ord fyrst vart forkynt for dykk. Men sidan de viser det frå dykk og ikkje held dykk verdige til det evige livet, så vender vi oss til heidningane.

47. For dette er Herrens bod til oss:Eg har gjort deg til eit ljos ¬for folkeslag,så du skal bera frelse ¬til heimsens ende.»

48. Då heidningane høyrde det, vart dei glade og prisa Herrens ord, og dei kom til tru, alle dei som var etla til evig liv.

49. Og Herrens ord breidde seg ut over heile landet.

50. Men jødane øste opp dei fremste kvinnene som dyrka Gud, og dei leiande mennene i byen, så dei fekk i gang ei forfylging mot Paulus og Barnabas og jaga dei ut or bygdene sine.

51. Då riste dei støvet av føtene mot dei og fór til Ikonium.

52. Men læresveinane vart fylte av glede og av Den Heilage Ande.