Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Paulus held forsvarstale til folket

1. «Brør og fedrar! Høyr på meg når eg no ber fram forsvaret mitt for dykk!»

2. Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, vart det endå stillare.

3. Eg er ein jøde, sa han, fødd i Tarsus i Kilikia, men oppvaksen her i byen. Ved Gamaliels føter har eg sete og fått grundig opplæring i fedrelova, og eg var like ihuga for Gud som de alle er det i dag.

4. Eg har bunde både menn og kvinner og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfylgt dei som heldt seg til denne læra.

5. Det kan øvstepresten og heile Rådet stadfesta. Dei gav meg jamvel brev med til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å føra dei som var der, i lekkjer til Jerusalem og få dei straffa.

6. Men då eg var på vegen og alt var komen bort imot Damaskus, hende det brått ved middagstid at eit sterkt ljos frå himmelen stråla ikring meg.

7. Eg stupte til jorda, og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?»

8. «Kven er du, Herre?» spurde eg. Han sa til meg: «Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfylgjer.»

9. Dei som var med meg, såg ljoset, men høyrde ikkje målet av han som tala til meg.

10. «Kva skal eg gjera, Herre?» spurde eg. Og Herren svara: «Reis deg opp og gå inn i Damaskus! Der skal dei seia deg alt det du er etla til å gjera.»

11. Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av ljoset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg, og såleis kom eg til Damaskus.

12. Der var det ein from mann, Ananias, som heldt seg etter lova og hadde godt ord på seg hjå alle jødane som budde der.

13. Han kom til meg og stod framfor meg og sa: «Saul, bror, du skal få att synet!» Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han.

14. Då sa Ananias: «Han som er Gud åt fedrane våre, har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den Rettferdige og høyra røysta frå hans munn.

15. For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt.

16. Og no, kvifor dryer du? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!»

17. Sidan, då eg var komen attende til Jerusalem og bad i templet, kom det ei bortrykking på meg.

18. Eg såg han, og han sa til meg: «Skunda deg! Far bort frå Jerusalem så snøgt du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.»

19. «Herre,» svara eg, «dei veit sjølve at eg fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei verta piska kring i synagogene.

20. Og då blodet til Stefanus, vitnet ditt, rann, stod eg òg der. Eg var samd med dei som drap han, og tok vare på kleda deira.»

21. Då sa Herren til meg: «Ta i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt borte.»

22. Så lenge lydde dei på han. Men då dei høyrde dette ordet, sette dei i og ropa: «Bort med han! Ein slik mann skulle ikkje få leva på jorda!»

23. Og dei skreik og veifta med kappene sine og kasta støv opp i veret.

24. Då lét kommandanten Paulus førast inn i borga. Han skulle få svepeslag og verta forhøyrd, sa han, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han.

25. Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa han til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?»

26. Då offiseren høyrde det, gjekk han til kommandanten og sa frå: «Kva er det du tenkjer på? Denne mannen er då romersk borgar.»

27. Kommandanten gjekk ut til Paulus og sa: «Sei meg, er du romersk borgar?» «Ja,» svara han.

28. «Eg har kjøpt denne borgarretten for ein stor pengesum,» sa kommandanten. «Eg er fødd til han,» svara Paulus.

29. Dei som skulle forhøyra han, gjekk då frå han med ein gong. Og kommandanten vart redd då han skjøna at han hadde bunde ein romersk borgar.

Paulus for Rådet

30. Dagen etter ville kommandanten ha full greie på kva det var jødane klaga han for. Difor løyste han Paulus or lekkjene, og baud at overprestane og heile Rådet skulle koma saman. Så henta han Paulus og førte han fram for dei.