Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Saka mot Paulus

1. Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja klagemålet mot Paulus fram for landshovdingen.

2. Paulus vart henta, og Tertullus tok til med klagemålet:«Høgvørde Feliks! Vi har deg å takka for at det rår ro og fred alle stader, og ditt kloke styre har gjort at dette folket har fått betre kår.

3. I djup takksemd ser og skjønar vi dette, alltid og alle stader.

4. Men eg skal ikkje hefta deg lenge. Difor bed eg om at du, velviljug som du er, vil høyra på oss ei lita stund.

5. Det har synt seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarear-sekta.

6. Han har jamvel freista å vanhelga templet, og det var der vi greip han. Vi ville døma han etter lova vår,

7. men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut or hendene våre og førte han bort;

8. og til dei som klaga på han, sa han at dei skulle gå til deg. No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du nok greie på kva det er vi klagar han for.»

9. Jødane stødde han og sa at såleis var det.

10. Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:Eg veit at du har vore domar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg.

11. Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem og ville tilbe der.

12. Og ingen har sett meg ordskiftast med nokon eller eggja opp folk, korkje i templet eller i synagogene eller nokon annan stad i byen.

13. Heller ikkje kan dei prova for deg det dei no klagar meg for.

14. Men det vedgår eg: Eg dyrkar den same Gud som fedrane, og det gjer eg med å fylgja den vegen som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane.

15. Og eg har den same von til Gud som desse: At rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp or gravene.

16. Difor legg eg òg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske.

17. Etter nokre år kom eg og skulle bera fram ei gåve til hjelp for folket mitt og ofra.

18. Då var det dei fann meg i templet, der eg hadde late meg reinsa; eg samla ikkje folk om meg eller gjorde noko oppstyr.

19. Nokre jødar frå Asia såg meg, og dei burde ha møtt fram for deg og kome med klagemål, om dei hadde hatt noko.

20. Eller lat dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet.

21. Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet som eg ropa ut då eg stod framfor dei: «Eg trur at dei døde skal stå opp, difor står eg for retten her i dag.»

22. Feliks visste vel korleis det hadde seg med «vegen». Difor sette han ut saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.»

23. Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp.

24. Nokre dagar seinare kom Feliks i lag med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinne. Han sende bod etter Paulus, og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus.

25. Men då han tala om rettferd og fråhald og om domen som skal koma, vart Feliks skræmd og sa: «Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.»

26. Feliks gjorde seg òg von om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han.

27. Så gjekk det to år, og Feliks fekk Porkius Festus til ettermann. Men då Feliks gjerne ville vinna godhug hjå jødane, lét han Paulus etter seg i fengslet.