Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Lovnaden om Den Heilage Ande

1. I den fyrste boka mi, Teofilus, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte,

2. frå det fyrste og heilt til den dagen han vart oppteken til himmelen. Før det hende, hadde han ved Den Heilage Ande gjeve sine påbod til dei apostlane som han hadde valt ut.

3. Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera.

4. Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om.

5. For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»

Kristi himmelferd

6. Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?»

7. Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt.

8. Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»

9. Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira.

10. Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei

11. og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»

12. Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem.

13. Inne i byen gjekk dei opp i den salen som dei heldt til i. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob.

14. Alle desse heldt samhuga ved i bøn i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.

Ein ny apostel

15. Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom brørne, som var samla; det var ikring hundre og tjue menneske.

16. «Brør,» sa han, «det laut oppfyllast, det skriftordet som Den Heilage Ande tala gjennom David om Judas, han som viste veg for dei som greip Jesus.

17. Han var rekna mellom oss og var sett til den same tenesta.

18. For dei pengane han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut.

19. Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og dei kallar åkeren på sitt eige mål Hakeldama, som tyder Blodåkeren.

20. For det står skrive i Salmane: Lat garden hans liggja aud, ingen skal bu der, og: Lat ein annan få hans tilsynsembete!

21. No er det nokre menn her som var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut mellom oss,

22. frå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart oppteken ifrå oss. Ein av dei lyt saman med oss vera vitne om oppstoda hans.»

23. To menn vart kalla fram: Josef Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias.

24. Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarto, syn oss kven av desse to du har valt ut

25. til å ha den tenesta og det apostelembetet som Judas gjekk ifrå då han fór til sin stad!»

26. Dei kasta lodd mellom dei, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han halden for apostel saman med dei elleve.