Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Timoteus

1. Så kom han til Derbe og Lystra. Der var det ein læresvein som heitte Timoteus. Han var son til ei truande jødisk kvinne, og faren var grekar.

2. Brørne i Lystra og Ikonium hadde berre godt å seia om han.

3. Han ville Paulus ha med seg på ferda, og han tok og omskar han av omsyn til jødane som budde i dei bygdene; for alle visste at far hans var grekar.

4. Sidan drog dei frå by til by, og dei føresegnene som apostlane og dei eldste i Jerusalem hadde vedteke, lét dei brørne få, med påbod om å retta seg etter dei.

5. Så vart no kyrkjelydane styrkte i trua og auka i tal dag for dag.

Paulus vert kalla til Makedonia

6. Sidan fór dei gjennom Frygia og Galatia; for Den Heilage Ande hindra dei i å tala Ordet i Asia.

7. Då dei var komne bort imot Mysia, freista dei å fara til Bitynia; men Jesu Ande gav dei ikkje lov.

8. Så drog dei gjennom Mysia og kom ned til Troas.

9. Om natta hadde Paulus eit syn. Han såg ein makedonar som stod og kalla på han og bad: «Kom over til Makedonia og hjelp oss!»

10. Då han hadde hatt dette synet, freista vi straks å fara til Makedonia; for vi skjøna at Gud hadde kalla oss til å forkynna evangeliet der.

I Filippi

11. Så la vi ut frå Troas og siglde beint til Samotrake, og dagen etter kom vi til Neapolis.

12. Derifrå fór vi til Filippi, som er romersk koloni og ein viktig by i provinsen Makedonia. Vi vart verande ei tid der i byen.

13. På sabbatsdagen gjekk vi utanfor byporten, ned til ei elv der dei var vane å samlast til bøn. Og vi sette oss og tala til dei kvinnene som var komne saman.

14. Der var det ei kone frå Tyatira som heitte Lydia og handla med purpurty, ei av dei som trudde på Israels Gud. Ho høyrde på oss, og Herren opna hjarta hennar, så ho tok til seg det Paulus sa.

15. Då så ho og heile huslyden hennar var døypte, bad ho oss til seg og sa: «Så sant de held meg for ei kvinne som trur på Herren, så kom heim i huset mitt og gjev dykk til der!» Og ho nøydde oss til det.

Paulus og Silas i fengsel

16. Ein dag vi var på veg til bønestaden, møtte vi ei tenestjente som hadde ei spådomsånd i seg og tente mange pengar til husbondsfolket sitt med å spå.

17. Ho fylgde etter Paulus og oss andre og ropa: «Desse mennene er tenarar for Den Høgste Gud, og dei lærer dykk vegen til frelse.»

18. Dette gjorde ho dag etter dag. Då vart Paulus harm; han snudde seg og sa til ånda: «Eg byd deg i Jesu Kristi namn: Far ut or henne!» Og ho fór ut med ein gong.

19. Men då husbondsfolket åt jenta skjøna at det ikkje var von om meir vinning, greip dei Paulus og Silas og drog dei med seg til byretten, som heldt til på torget.

20. Dei førte dei fram for embetsmennene i byen og sa: «Desse mennene valdar stor uro i byen vår. Dei er jødar

21. og lærer oss skikkar som vi ikkje har lov til å godkjenna eller fylgja, vi som er romerske borgarar.»

22. Folkehopen òg yppa seg mot dei. Då lét embetsmennene folka sine riva kleda av dei og baud at dei skulle piska dei.

23. Dei gav dei mange slag og sette dei i fengsel, og fangevaktaren fekk påbod om å vakta dei vel.

24. Då han hadde fått dette påbodet, tok han dei inn i det inste fangeholet og sette føtene deira fast i blokka.

25. Midnattstider heldt Paulus og Silas bøn og song lovsongar til Gud, og fangane lydde på dei.

26. Brått kom det eit sterkt jordskjelv, så grunnvollen under fengslet riste. Med ein gong sprang alle dørene opp, og lekkjene losna av alle fangane.

27. Fangevaktaren fór opp or svevnen, og då han såg at fengselsdørene stod opne, drog han sverdet og ville drepa seg; for han trudde fangane hadde rømt.

28. Men Paulus ropa med høg røyst: «Gjer deg ikkje noko vondt! Vi er her alle.»

29. Då bad han om ljos og sprang inn og kasta seg skjelvande ned for Paulus og Silas.

30. Og han leidde dei ut og sa: «Kva skal eg gjera, herrar, så eg kan verta frelst?»

31. Dei svara: «Tru på Herren Jesus, så skal du verta frelst, både du og huslyden din.»

32. Så tala dei Herrens ord til han og alle som var i huset hans.

33. Og i denne seine nattetimen tok han dei med seg og vaska såra deira. Straks etter vart han døypt med alle sine.

34. Sidan tok han dei med seg heim og gav dei mat, og han var hjarteglad fordi han og alt folket hans var komne til tru på Gud.

35. Då det vart dag, sende embetsmennene rettstenarane av stad med det bodet: «Slepp desse mennene fri!»

36. Fangevaktaren fortalde det til Paulus og sa: «Embetsmennene i byen har sendt bod om at de skal sleppast fri. Kom no ut og far dykkar veg i fred!»

37. Men Paulus sa til dei: «Endå vi er romerske borgarar, har dei utan lov og dom piska oss for augo på alle og kasta oss i fengsel. Og no vil dei jaga oss bort i løynd! Nei, dei får koma sjølve og føra oss ut!»

38. Rettstenarane bar dette svaret attende til embetsmennene, og då dei høyrde at dei var romerske borgarar, vart dei skræmde.

39. Dei kom og bad om orsaking og fylgde dei ut og bad dei fara bort frå byen.

40. Då dei var komne ut or fengslet, gjekk dei heim til Lydia. Der møtte dei brørne og sette mot i dei. Så drog dei av stad.