Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ny forfylging

1. På den tid la kong Herodes hand på nokre av kyrkjelyden og fór hardt fram mot dei.

2. Jakob, bror til Johannes, vart avretta med sverd.

3. Og då Herodes såg at jødane lika dette, heldt han fram og lét dei gripa Peter òg. Det var i usyrdebrødshelga.

4. Etter at han var teken, vart han kasta i fengsel, der fire vaktskift, kvart på fire mann, vart sette til å halda vakt over han. Herodes ville så føra han fram for folket etter påske.

5. Peter vart no sitjande i fengslet. Men kyrkjelyden bad inderleg til Gud for han.

6. Natta før Herodes hadde tenkt å føra han fram, låg Peter og sov mellom to soldatar. Han var bunden med to lekkjer, og utanfor døra stod det menn som heldt vakt over fengslet.

7. Best det var, skein det eit ljos i romet, og ein engel frå Herren stod der. Han dytta Peter i sida og vekte han og sa: «Skunda deg og stå opp!» Med det same datt lekkjene av hendene hans,

8. og engelen sa til han: «Bind beltet om deg, og ta på deg sandalane!» Han så gjorde. Då sa engelen: «Kast kappa om deg og fylg meg!»

9. Peter fylgde han ut. Men han skjøna ikkje at det som hende han med engelen, var røyndom; han trudde det var eit syn han såg.

10. Dei gjekk framom den fyrste og den andre vakta og kom så til den jernporten som fører ut til byen. Porten opna seg av seg sjølv; dei gjekk ut og heldt fram nedover den fyrste gata. Der vart engelen brått borte for han.

11. Peter kom til seg sjølv att og sa: «No veit eg for visst at Herren har sendt engelen sin og fria meg ut or hendene på Herodes og berga meg frå alt det som jødefolket går og ventar på.»

12. Så snart Peter vart vis med det, gjekk han til huset åt Maria, mor til Johannes, som hadde tilnamnet Markus. Der var mange samla og heldt bøn.

13. Han banka på ytterdøra, og ei tenestjente som heitte Rode, kom og skulle lata opp.

14. Ho kjende Peter att på målet og vart så glad at ho gløymde å opna døra, men sprang inn og fortalde at Peter stod utanfor.

15. «Du er frå vitet!» sa dei. Men ho heldt på sitt. «Då må det vera engelen hans,» sa dei.

16. Imedan heldt Peter på og banka. Så lét dei opp, og då dei fekk sjå han, vart dei frå seg av undring.

17. Han gjorde teikn med handa at dei skulle vera stille, og fortalde korleis Herren hadde ført han ut or fengslet. Så sa han: «Lat Jakob og brørne få vita dette!» Dermed gjekk han ut og fór til ein annan stad.

18. Då det tok til å dagast, vart det ikkje lite oppstyr mellom soldatane: Kvar hadde det vorte av Peter?

19. Herodes leita etter han, men fann han ikkje. Så tok han vaktmennene i forhøyr og baud at dei skulle førast bort og avrettast. Med så gjort fór han frå Judea ned til Cæsarea og vart verande der.

20. Herodes hadde lenge vore harm på folket i Tyrus og Sidon, og dei vart no samde om å venda seg til han. Då dei hadde vunne Blastus for seg, kammerherren åt kongen, bad dei om fred; for dei fekk det dei trong frå land som høyrde kongen til.

21. Det vart fastsett ein dag for møtet. Då kledde Herodes seg i kongeleg skrud, sette seg på ein æretribune og tala til folket.

22. Og folket hylla han og ropa: «Her er det ein gud som talar, ikkje eit menneske!»

23. Med det same slo ein engel frå Herren han, fordi han ikkje gav Gud æra. Han vart oppeten av makk og døydde.

24. Men Guds ord hadde framgang og breidde seg vide ikring.

25. Då Barnabas og Saulus hadde fullført ærendet sitt i Jerusalem, drog dei attende. Og dei tok med seg Johannes som hadde tilnamnet Markus.