Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ferda til Roma

1. Då det var avgjort at vi skulle sigla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser som heitte Julius og var i Den keisarlege hæravdelinga.

2. Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium, som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristark frå Tessalonika.

3. Dagen etter la vi til lands i Sidon, og Julius, som gjorde vel mot Paulus, gav han lov til å vitja venene sine og la dei hyggja for seg.

4. Derifrå sette vi til havs att og siglde i le av Kypros, av di vinden bar imot.

5. Så siglde vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia.

6. Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.

7. I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi ned under Kreta ved Salmone-neset.

8. Det greidde vi så vidt å sigla rundt og kom til ein stad som dei kallar Godhamn, ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.

9. No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei

10. og sa: «Godt folk, eg ser at det er vågsamt å fara lenger, og at vi kan koma til å missa ikkje berre skip og last, men livet med.»

11. Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa.

12. Og sidan det var ei ulagleg hamn for vinterlægje, heldt dei fleste på at dei skulle sigla ut derifrå og freista å nå Føniks og liggja der vinteren over. Denne hamna på Kreta vender mot sørvest og nordvest.

Stormen

13. Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen; dei letta anker og siglde langs Kreta nær land.

14. Men det var ikkje lenge før det kom ein kvervelvind kastande inne frå øya, nordaust-vinden som dei kallar han.

15. Skipet vart rive med; det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.

16. Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Klauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten.

17. Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei til naudhjelp og surra skipet med tog. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebukta; difor lét dei drivankeret gå, og såleis dreiv dei.

18. Men stormen heldt fram med ofse, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen.

19. Tredje dagen kasta dei med eigne hender skipsutstyret over bord.

20. På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uveret heldt fram, miste vi all von om berging.

21. No hadde dei ikkje fått mat i seg på lenge, og Paulus gjekk bort til dei og sa: «De skulle ha høyrt på meg, godt folk, og ikkje lagt ut frå Kreta, så hadde de vore sparte både for ulukka og tapet.

22. Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje ein av dykk skal missa livet; men skipet er tapt.

23. For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener,

24. og han sa: Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og Gud har gjeve deg alle dei som er med deg på skipet.

25. Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det vil gå som det er sagt meg.

26. Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.»

27. Då vi hadde drive ikring på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta.

28. Dei lodda og fann tjue famnar. Litt lenger inne lodda dei att og fann femten famnar.

29. Då vart dei redde vi kunne støyta på eit skjer; difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ynskte berre at det måtte dagast.

30. Sjømennene freista å røma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet, medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen.

31. Men Paulus sa til offiseren og soldatane: «Vert ikkje desse mennene verande om bord, så kan ikkje de bergast.»

32. Då kappa soldatane toga som heldt båten, og lét han driva av.

33. Medan dei venta på at det skulle dagast, rådde Paulus alle til å få seg mat. Han sa: «I fjorten dagar har de no gått fastande og venta og har ikkje fått noko i livet.

34. Difor rår eg dykk til å eta; det må til, skal de verta berga. Ingen av dykk skal missa så mykje som eit hår på hovudet.»

35. Med så sagt tok han eit brød, takka Gud medan alle høyrde på, braut det og tok til å eta.

36. No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.

37. Vi var i alt 276 menneske om bord.

38. Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.

Forliset

39. Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auga på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn.

40. Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samstundes løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot land med vinden.

41. Men best det var, dreiv dei inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg djupt ned og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av bårebrotet.

42. No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og røma.

43. Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti fyrst og koma seg i land.

44. Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.