Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Paulus feste augo på Rådet og sa: «Brør, eg har til denne dag levt med godt samvit for Gud.»

2. «Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod attmed.

3. Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal døma meg etter lova, og så byd du tvert imot lova at dei skal slå meg!»

4. «Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der.

5. «Eg visste ikkje, brør, at han er øvsteprest,» svara Paulus. «For det står skrive: Ein hovding i folket ditt skal du ikkje skjella ut.»

6. Som no Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og av farisearætt. Og eg vert klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»

7. Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken kløyvde seg.

8. For saddukearane seier at det ikkje er noka oppstode, og at det ikkje finst englar og ånder, men farisearane lærer alt det.

9. No vart det mykje skrik, og nokre av dei skriftlærde frå farisearflokken reiste seg og la sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hjå denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»

10. Striden vart så hard at kommandanten ottast dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva han ut or hendene deira og føra han inn i borga.

11. Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, skal du vitna i Roma òg.»

Samansverjinga

12. Då det vart dag, slo jødane seg saman, og svor på at dei korkje skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus.

13. Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga.

14. Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus.

15. Send no de i lag med Rådet ei fråsegn til kommandanten og bed han senda han til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøgnare. Så står vi ferdige til å rydja han or vegen før han kjem fram.»

16. Men systerson til Paulus fekk høyra om denne løynde planen, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus.

17. Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har ei melding til han.»

18. Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Paulus som sit fanga her, kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har ei melding til deg.»

19. Kommandanten tok guten i handa, leidde han til sides og spurde: «Kva er det du har å fortelja meg?»

20. Han svara: «Jødane har avtala at dei i morgon skal be deg føra Paulus ned til Rådet. Dei skal lata som om dei vil granska saka hans nøgnare.

21. Men du må ikkje la deg overtelja! For meir enn førti av dei ligg og lurer på han. Dei har svore på at dei korkje skal eta eller drikka før dei har drepe han. No held dei seg budde og ventar berre på at du skal lova det.»

22. Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Lat ikkje nokon få vita at du har fortalt meg dette.»

Paulus vert send til Cæsarea

23. Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta 200 soldatar, 70 hestfolk og 200 lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt!

24. Og syt for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks!»

25. Så skreiv han dette brevet:

26. Claudius Lysias helsar den høgvørde landshovdingen Feliks.

27. Denne mannen hadde jødane gripe og heldt på å gjera ende på han; men då eg fekk vita at han var romersk borgar, kom eg med soldatane og berga han.

28. Som eg no gjerne ville få greie på kva det var dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira.

29. Eg fann då ut at klagemålet mot han galdt nokre spørsmål i lova deira, og at han ikkje var skulda for noko som han kunne dømast frå livet eller setjast i fengsel for.

30. Men sidan eg har fått melding om at dei har planlagt eit åtak på mannen, sender eg han til deg. Og eg har sagt frå til klagarane at dei får venda seg til deg i denne saka.

31. Soldatane gjorde som dei var føresagde: Dei tok Paulus med seg til Antipatris om natta.

32. Dagen etter vende dei attende til borga og lét hestfolket fara lenger med han.

33. Så snart dei kom til Cæsarea, lét dei landshovdingen få brevet og førte Paulus fram for han.

34. Han las brevet og spurde kva provins han var ifrå. Og då han fekk vita at det var Kilikia,

35. sa han: «Eg skal forhøyra deg når klagarane dine kjem.» Så baud han at Paulus skulle haldast i varetekt i slottsborga til Herodes.