Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då spurde øvstepresten: «Er det sant, dette?»

2. Stefanus svara:Brør og fedrar, høyr på meg! Herlegdomens Gud synte seg for Abraham, far vår, medan han budde i Mesopotamia, før han slo seg ned i Karan,

3. og sa til han: Far ut or landet ditt og bort frå ætta di, til det landet som eg vil syna deg!

4. Då reiste han frå Kaldearlandet og busette seg i Karan, og etter at far hans var død, lét Gud han flytta derifrå til dette landet som de no bur i.

5. Han gav han ikkje noko jord til eige der, ikkje så mykje som ei fotbreidd; men han lova at han og ætta hans skulle få landet til odel og eige, endå han ikkje hadde born.

6. Og Gud sa til han at ætta hans skulle halda til i eit framandt land, der dei skulle træla for folket og lida vondt i fire hundre år.

7. Men det folket dei skal træla for, vil eg døma, sa Gud, og så skal dei dra ut og halda gudsteneste på denne staden.

8. Og Gud gav han omskjeringspakta. Så fekk han sonen Isak og omskar han den åttande dagen. Og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob vart far til dei tolv ættefedrane.

9. Fedrane vart avundsjuke på Josef og selde han til Egypt. Men Gud var med han

10. og berga han gjennom alle vanskar. Han lét han vinna godvilje og gjetord for visdom hjå farao, egyptarkongen; og kongen sette han til å styra Egypt og heile sitt hus.

11. Så vart det uår i heile Egypt og Kanaan, og nauda var stor. Fedrane våre fekk ikkje tak i mat.

12. Men Jakob høyrde at det var korn i Egypt, og han sende fedrane våre dit fyrste gongen.

13. Andre gongen dei kom, gav Josef seg til kjenne for brørne sine, og farao fekk vita om ætta hans.

14. Då sende Josef bod etter Jakob, far sin, og alt folket sitt, syttifem menneske.

15. Så reiste Jakob ned til Egypt, og der døydde både han og fedrane våre.

16. Dei vart førte til Sikem og lagde i den grava som Abraham hadde kjøpt av Hamor-sønene i Sikem og betalt med sølv.

17. Det leid no fram mot den tida då Gud skulle setja i verk det han hadde lova Abraham, og folket hadde vakse og vorte talrikt i Egypt.

18. Då kom det ein ny konge i Egypt, ein som ikkje visste noko om Josef.

19. Han fór med list mot folket vårt, var hard med fedrane våre og tvinga dei til å setja ut spedborna sine, så dei ikkje skulle få leva opp.

20. På den tid vart Moses fødd. Han var eit vent barn som Gud hadde hugnad i. I tre månader vart han fostra heime hjå far sin.

21. Så vart han utsett. Men dotter til farao fann han og fostra han opp som sin eigen son.

22. Såleis fekk Moses opplæring i all egyptisk visdom, og han merkte seg ut både i ord og i gjerd.

23. Då han hadde fylt førti år, fekk han hug til å sjå korleis det gjekk med brørne sine, israelittane.

24. Og då han såg ein som vart ille medfaren og leid urett, hjelpte han mannen og slo egyptaren i hel, så mannen fekk retten sin.

25. Han trudde at landsmennene hans kom til å skjøna at Gud ville bruka han til å berga dei; men dei skjøna det ikkje.

26. Dagen etter råka han på to menn som slost, og han prøvde å forlika dei og sa: «De er då brør, karar! Korleis kan de vera så vonde mot kvarandre?»

27. Men han som hadde gjort urett mot landsmannen sin, skuva han til sides og sa: «Kven har sett deg til hovding og domar over oss?

28. Du vil kanskje drepa meg, liksom du drap egyptaren i går?»

29. Dette svaret fekk Moses til å røma, og han slo seg ned som innflyttar i Midjan, der han fekk to søner.

30. Då førti år var lidne, synte ein engel seg for han i øydemarka ved Sinai-fjellet, i logen frå ein brennande klungerrunne.

31. Moses såg dette synet og undra seg. Då han gjekk nærare og ville sjå etter, lydde Herrens røyst:

32. Eg er dine fedrars Gud, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud. Men Moses skalv av redsle og våga ikkje sjå opp.

33. Då sa Herren til han: Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.

34. Eg har sett kor ille folket mitt vert plaga i Egypt; eg har høyrt korleis dei klagar, og eg har stige ned og vil fria dei ut. Kom! For no sender eg deg til Egypt.

35. Denne Moses som dei ikkje ville vita av då dei sa: Kven har sett deg til hovding og domar? – han var det Gud sende til hovding og bergingsmann; og engelen som synte seg for han i klungerrunnen, skulle vera med han og hjelpa han.

36. Moses var det som førte dei ut og gjorde under og teikn i Egypt, ved Raudehavet og i øydemarka i førti år.

37. Han var det som sa til israelittane: Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør.

38. Denne Moses var saman både med engelen som tala til han frå Sinai-fjellet, og med fedrane våre då dei var samla i øydemarka. Han fekk levande ord som han skulle gje oss.

39. Men fedrane våre ville ikkje lyda han. Dei viste han frå seg og ynskte seg attende til Egypt

40. og sa til Aron: «Lag oss gudar som kan gå føre oss. For vi veit ikkje kvar det har vorte av denne Moses som førte oss ut or Egypt.»

41. Den gongen laga dei ein kalv og bar fram offer til denne avguden og gledde seg over eit verk dei hadde laga med eigne hender.

42. Då vende Gud seg frå dei og lét dei tilbe himmelhæren, som det står skrive i profetboka:Bar de fram for meg slaktoffer ¬og gåverdei førti åra i øydemarka, ¬du Israels ætt?

43. Nei, de bar med dykk ¬teltet åt Molokog stjerna åt guden Romfa,bilete de laga og tilbad.Men eg vil flytta dykk ¬bortom Babylon.

44. I øydemarka hadde fedrane våre vitnemålsteltet med seg. Han som tala til Moses, hadde gjeve påbod om det; Moses skulle laga det etter det førebiletet han fekk sjå.

45. Fedrane våre fekk det i arv, og då Josva var førar, tok dei det med seg inn i det landet dei fekk i eige etter dei folkeslaga som Gud dreiv bort framfor dei. Såleis var det heilt til Davids dagar.

46. Han fann nåde hjå Gud og bad om å få syta for ein bustad til Jakobs ætt.

47. Men det vart Salomo som bygde eit hus for Gud.

48. Men Den Høgste bur ikkje i hus bygde av menneskehand. For såleis talar profeten:

49. Himmelen er min kongsstolog jorda skammel ¬for mine føter.Kva slag hus kan de byggja ¬åt meg, seier Herren,eller kvar er staden ¬der eg kan kvila?

50. Er det ikkje mi hand ¬som har skapt alt dette?

51. Stivnakkar som de er, og uomskorne på hjarta og øyro! Alltid står de Den Heilage Ande imot, de som fedrane dykkar.

52. Kven av profetane var det fedrane dykkar ikkje forfylgde? Dei drap dei som føreåt forkynte at Den Rettferdige skulle koma, han som de no har svike og slege i hel,

53. de som tok imot lova etter påbod av englar, men ikkje har halde henne.

Stefanus vert steina

54. Då dei høyrde dette, vart dei så harme at dei skar tenner mot han.

55. Men fylt av Den Heilage Ande vende Stefanus augo mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand.

56. Då sa han: «Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.»

57. Men då skreik dei høgt og heldt seg for øyro, og alle som ein storma dei mot han.

58. Dei dreiv han føre seg ut or byen og steina han. Og vitna la kleda sine ved føtene til ein ung mann som heitte Saulus.

59. Dei steina Stefanus, medan han bad og sa: «Herre Jesus, ta imot mi ånd!»

60. Så fall han på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!» Då han hadde sagt det, slokna han.