Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Saulus var samd i at Stefanus vart drepen.Same dagen braut det ut ei hard forfylging mot kyrkjelyden i Jerusalem. Alle så nær som apostlane vart spreidde kringom i Judea og Samaria.

Forfylging

2. Nokre gudfryktige menn gravla Stefanus og heldt ei stor dødsklage over han.

3. Men Saulus gjekk til åtak på Herrens lyd. Han trengde seg inn i heimane og drog ut både menn og kvinner og fekk dei kasta i fengsel.

Filip i Samaria

4. Dei som var spreidde ikring, fór rundt og forkynte evangeliet.

5. Filip kom ned til hovudstaden i Samaria, og der forkynte han Kristus.

6. Og alle som ein fylgde godt med når dei høyrde Filip tala og såg dei teikna han gjorde.

7. For mange hadde ureine ånder i seg, og dei fór ut med høge skrik, og mange lame og halte vart lækte.

8. Det var stor glede der i byen.

9. Ein mann som heitte Simon, hadde fare med trolldom i byen og sett folket i Samaria i stor undring. Han gav seg ut for å vera noko stort.

10. Alle var opptekne av han, og både små og store sa: «Han er den Guds kraft som kallast den store.»

11. Dei heldt seg til han, fordi han lang tid hadde sett dei i undring med trolldomskunstene sine.

12. Men no trudde dei Filip som forkynte evangeliet om Guds rike og Jesu Kristi namn, og dei lét seg døypa, både menn og kvinner.

13. Simon kom òg til tru; etter at han var døypt, heldt han seg trufast til Filip og var sterkt gripen av dei teikn og mektige gjerningar som han såg.

14. Då apostlane i Jerusalem fekk høyra at Samaria hadde teke imot Guds ord, sende dei Peter og Johannes dit.

15. Dei kom ned og bad for dei, at dei måtte få Den Heilage Ande.

16. For Anden var endå ikkje komen over dei; dei var berre døypte til Herren Jesu namn.

17. No la dei hendene på dei, og dei fekk Den Heilage Ande.

18. Men då Simon såg at Anden vart gjeven når apostlane la hendene på dei, baud han dei pengar

19. og sa: «Gjev meg òg denne makta, så den eg legg hendene på, får Den Heilage Ande!»

20. Men Peter sa til han: «Måtte både du og pengane dine forgå, sidan du tenkte at du kunne kjøpa Guds gåve for pengar!

21. Du har ingen lut eller del i dette; for hjarta ditt er ikkje rett for Gud.

22. Vend om frå denne vondskapen din, og bed Herren tilgje deg at du kunne tenkja på noko slikt.

23. For eg ser at du er full av bitter galle og fanga i vondskap.»

24. Då sa Simon: «Bed til Herren for meg, så ikkje noko av det de har nemnt, skal koma over meg.»

25. Etter at dei hadde bore fram vitnemålet sitt og tala Herrens ord, fór dei attende til Jerusalem, og på vegen forkynte dei evangeliet i mange av landsbyane i Samaria.

Filip og den etiopiske hoffmannen

26. Ein engel frå Herren tala til Filip og sa: «Gjer deg ferdig og gå sørover på vegen frå Jerusalem til Gasa.» Dette er ein veg gjennom audt land.

27. Filip gjorde seg ferdig og tok ut. Best det var, fekk han sjå ein etiopisk hoffmann, som hadde vore i Jerusalem og tilbede Gud. Han var ein høg embetsmann som hadde tilsyn med skattkammeret hjå Kandake, dronninga i Etiopia.

28. No var han på veg heim og sat i vogna si og las profeten Jesaja.

29. Då sa Anden til Filip: «Gå dit bort og hald deg attmed den vogna!»

30. Filip sprang bortåt, og då han høyrde at han las profeten Jesaja, spurde han: «Skjønar du det du les?»

31. «Korleis kan eg vel det når ingen rettleier meg?» svara han. Og han bad Filip stiga opp i vogna og setja seg attmed han.

32. Det stykket i Skrifta som han las, lydde så:Lik sauen dei fører til slakting,lik lammet som teier ¬når det vert klypt,lét han ikkje opp sin munn.

33. Då han var fornedra,vart domen over han bortteken.Kven kan fortelja om hans ætt?For livet hans er rykt bort ¬frå jorda.

34. Hoffmannen sa då til Filip: «Sei meg, kven er det profeten talar om her? Er det om seg sjølv eller om ein annan?»

35. Då tok Filip til å tala, og ut frå dette skriftordet forkynte han evangeliet om Jesus for han.

36. Medan dei køyrde frametter vegen, kom dei til ein stad der det var vatn, og hoffmannen sa: «Her er vatn. Kva er i vegen for at eg vert døypt?»

37. «Trur du av heile ditt hjarta, så kan det gjerast,» sa Filip. «Eg trur at Jesus Kristus er Guds Son,» svara han.

38. Så lét han vogna stogga, og begge steig ned i vatnet, både Filip og hoffmannen, og Filip døypte han.

39. Då dei steig opp or vatnet, rykte Herrens Ande Filip bort, og hoffmannen såg han ikkje meir. Han fór glad sin veg.

40. Men Filip fekk dei sjå att i Asjdod, og han forkynte evangeliet i alle byane han fór igjennom, heilt til Cæsarea.