Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

På Malta

1. Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta.

2. Dei som budde der, var svært hjelpsame mot oss. Dei tok seg av oss alle og kveikte bål; for det hadde teke til å regna, og det var kaldt.

3. Paulus sanka i hop ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans.

4. Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan rettferdsgudinna ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.»

5. Men Paulus riste ormen av seg, inn i elden, og hadde ikkje noko mein av det.

6. Dei andre venta berre at han skulle trutna opp eller brått falla død til jorda. Men då dei hadde venta ei god stund og såg at det ikkje hende noko uvanleg med han, slo dei heilt om og sa at han måtte vera ein gud.

7. Ikkje langt frå denne staden låg det eit gods som Publius, fremste mannen på øya, åtte. Han tok venleg imot oss, og vi var gjester hjå han i tre dagar.

8. Far til Publius låg sjuk nett då, plaga av feber og dysenteri. Paulus gjekk inn til han, bad og la hendene på han og lækte han.

9. Sidan det gjekk så, kom dei til han, dei andre òg der på øya som leid av ein eller annan sjukdom, og dei vart lækte.

10. Dei gjorde stor ære på oss; og då vi tok ut, gav dei oss det vi trong.

11. Då det hadde gått tre månader, siglde vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde tvillingane til skipsmerke.

12. Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar.

13. Derifrå siglde vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli.

14. Der råka vi nokre brør, som bad oss vera hjå dei ei vekes tid. Så fór vi til Roma.

15. Brørne der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.

Paulus i Roma

16. Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han.

17. Tre dagar etter kalla han saman dei fremste av jødane i byen. Då dei var samla, sa han til dei: «Brør! Eg har ikkje gjort noko gale mot folket vårt eller brote dei skikkane vi har frå fedrane. Men endå vart eg sett fast i Jerusalem og gjeven i hendene på romarane.

18. Då dei hadde forhøyrt meg, ville dei gje meg fri, av di eg ikkje hadde gjort noko som eg kunne dømast frå livet for.

19. Men jødane sette seg imot det; difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å føra klagemål mot mitt eige folk.

20. Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lekkjene.»

21. Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og fortalt eller sagt noko vondt om deg.

22. Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.»

23. Dei avtala ein dag med han og kom så til han der han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld la han så ut for dei, vitna om Guds rike og freista å vinna dei for trua på Jesus, både ut frå Moselova og profetane.

24. Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, andre var vantruande.

25. Som dei ikkje kunne semjast, gjekk dei frå kvarandre då Paulus sa det eine ordet: «Det var sant, det som Den Heilage Ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja:

26. Gå og sei til dette folket:De skal høyra og høyra, ¬men ikkje skjøna,sjå og sjå, men ikkje skilja.

27. For hjarta åt dette folket ¬er hardt;tungt høyrer dei med øyro,og augo har dei late att,så dei ikkje ser med augoeller høyrer med øyroeller skjønar med hjartaog vender om,så eg får lækja dei.

28. Så skal de vita at denne Guds frelse er send til folkeslaga. Og dei kjem til å høyra.»

29. Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei ordskiftest hardt med kvarandre.

30. Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigt. Han tok imot alle som kom til han,

31. og med stort frimod forkynte han Guds rike og lærte om Herren Jesus Kristus; det var ingen som hindra han.