Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Har eg krenkt retten?

1. Eg gjorde ein avtale med auga mineat eg ikkje skulle sjå på noka jente.

2. Kva del fekk eg elles av Gud i himmelen,kva arv frå Den veldige i det høge?

3. Kjem ikkje uhell til den som gjer urett,rammar ikkje ulukke den som gjer vondt?

4. Ser ikkje han min veg,tel han ikkje kvart steg?

5. Har eg ferdast i løgn?Har føtene hasta til svik?

6. Lat Gud vega meg på rettferds vekt,så vil han forstå at eg er uskuldig.

7. Om stega mine bøygde av frå vegen,om hjartet følgde der auga flyg,om hendene vart ureine,

8. så lat andre få eta det eg har sådd,lat spirene mine bli rykte opp med rota.

9. Om hjartet lét seg lokka av noka kvinneog eg låg på lur ved døra til min neste,

10. så kan kona mi mala korn for ein annanog andre få bøya seg ned over henne!

11. For det ville vera vondskap,ein urett som fortener straff,

12. ein eld som et seg ned til avgrunnen,utryddar alt som veks etter meg.

13. Krenkte eg retten når eg hadde sakmed slaven eller slavekvinna mi,

14. kva skulle eg då gjera når Gud reiste seg?Når han forhøyrde meg, kva skulle eg svara?

15. Han som laga meg i mors liv,har òg laga den andre.Den same danna oss i morslivet.

16. Har eg nekta fattige det dei ønskte,sløkt gløden i auga til enkjer?

17. Åt eg alt brødet sjølvså ikkje farlause fekk mat?

18. Nei, frå eg var ung, har eg vore som ein far for dei,frå første stund tok eg meg av enkjer.

19. Kunne eg sjå folk bukka under fordi dei ikkje hadde klede,at den fattige mangla noko å kle seg med?

20. Velsigna han meg ikkjefor varm ull frå lamma mine?

21. Har eg lyft handa mot ein farlausnår eg såg at eg fekk medhald i retten?

22. Då vil skuldra losna frå nakkenog armen gå ut or ledd.

23. For Guds ulukker skremmer meg,eg kan ikkje stå meg imot hans velde.

24. Har eg sett mi lit til gull,sagt til det edle metallet: «Eg stolar på deg»?

25. Har eg gledd meg fordi rikdomen auka,fordi eg fekk hand om så mykje?

26. Har eg, når sola stråla framog månen steig i sin glans,

27. late meg hemmeleg lokkatil å helsa dei med handkyss?

28. Nei, det er ein urett som fortener straff;då ville eg ha fornekta Gud i det høge.

29. Har eg gledd meg over fiendens undergang,fryda meg når ulukka ramma han?

30. Eg lét ikkje munnen synda slikat eg forbanna nokon og ønskte han død.

31. Dei som budde i mine telt, sa då:«Alle blir metta av kjøtet på hans bord.»

32. Ein innflyttar overnatta aldri ute;døra mi var alltid open.

33. Har eg løynt mi synd, slik folk gjer,gøymt mi ugjerning ved barmen

34. fordi eg frykta mengda,var knust av forakt frå slektningarså eg tagde og ikkje gjekk ut?

35. Om berre nokon ville høyra på meg!Sjå, her er mi underskrift, lat no Den veldige svara meg!Om berre motparten min sette opp eit skriv!

36. Då ville eg bera det på skuldrene mine,binda det som ein krans om hovudet!

37. Eg vil gjera rekneskap for alle mine steg,tre fram for han som ein fyrste.

38. Om åkeren min skrik mot megog alle plogfòrene græt,

39. har eg ete åkerens kraft utan vederlagog blåse ut livet for jordeigaren,

40. så lat det koma opp tornar i staden for kveiteog ugras i staden for bygg!Jobs tale er fullført.