Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Bildad: Spør fedrane

1. Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2. Kor lenge vil du tala slikmed ord som ein mektig vind?

3. Trur du at Gud forvrengjer retten,at Den veldige fordreiar rettferda?

4. Om borna dine syndar mot han,så gjev han dei over til synda.

5. Men om du søkjer Gudog bed Den veldige om nåde,

6. om du er rein og rettskaffen,så vil han vaka over degog på nytt reisa din rettferds bustad.

7. Du byrja smått,men slutten blir stor.

8. Spør tidlegare slekter,hald fast på det fedrane fann.

9. For vi er frå i går, vi veit ingen ting.Som ein skugge er dagane våre på jorda.

10. Men fedrane vil læra deg og tala til deg,føra fram ord frå hjartet.

11. Veks vel papyrus der det ikkje er myrlendt,blir sivet stort der det ikkje er vatn?

12. Medan det står grønt og uskore,visnar det, før alt anna gras.

13. Slik går det med alle som gløymer Gud.Håpet går under for den som er ugudeleg.

14. Hans trygge ro heng i tynne trådar,han set si lit til spindelvev.

15. Han støttar seg til eige hus, men det held ikkje;han klamrar seg til det, men det blir ikkje ståande.

16. Frodig står han i sola,breier greinene ut over hagen sin.

17. Men røtene hans slyngjer seg inn i ei steinrøys,dei kikkar fram mellom steinar.

18. Blir han riven vekk frå staden sin,kjenner ikkje staden han: «Eg har aldri sett deg.»

19. Slik er gleda på hans veg,før den neste gror opp av støvet.

20. Sjå, Gud avviser ikkje den frommeog gjev ikkje styrke til ugjerningsmenn.

21. Han vil på nytt fylla din munn med lått,leggja jubelrop på leppene.

22. Dei som hatar deg, må kle seg i skam,telta til dei lovlause blir borte.