Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Elifas: Munnen din dømmer deg

1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2. Ville ein vis svara med luftige meiningarog fylla lungene med austavind,

3. forsvara seg med gagnlaus tale,med ord som ikkje duger?

4. Sjølv gudsfrykta bryt du ned,det blir mindre ettertanke for Guds andlet.

5. Det er synda di som lærer opp munnen,du vel eit listig språk.

6. Munnen dømmer deg skuldig, ikkje eg.Leppene vitnar mot deg.

7. Vart du kanskje fødd som det første mennesket,vart du til før haugane var til?

8. Lytta du då Gud heldt råd?Heldt du visdomen for deg sjølv?

9. Veit du noko som ikkje vi veit?Forstår du noko som ikkje vi forstår?

10. For også mellom oss finst gråhåra og gamle,rikare på dagar enn din eigen far.

11. Er Guds trøyst og hans milde ordfor lite for deg?

12. Kvifor gjer hjartet deg uroleg?Kvifor himlar du med auga?

13. Du vender di ånd mot Gud,tek sterke ord i din munn.

14. Korleis kan eit menneske vera reintog ein som er fødd av ei kvinne, ha rett?

15. Gud stolar ikkje eingong på sine heilage,sjølv himmelen er ikkje rein i hans auge,

16. langt mindre eit avskyeleg og forderva menneskesom drikk urett som om det var vatn.

17. Eg vil seia deg noko, høyr på meg!Eg vil fortelja det eg har sett,

18. det dei vise forkynte,det fedrane ikkje heldt tilbake.

19. Berre til dei vart landet gjeve,der drog ingen framande gjennom.

20. Den lovlause lever i uro alle sine dagar,valdsmannen lever ikkje mange år.

21. Redslene syng i øyret hans,i fredstid kjem nokon for å herja.

22. Han har ikkje håp om å sleppa unna mørkret,han er utpeika til å falla for sverd.

23. Han streifar om etter brød – men kvar er det?Han veit at ein mørk dag står klar for han.

24. Naud og trengsle skremmer han,som stridsklare kongar overmannar dei han.

25. Han har lyft si hand mot Gudog strider mot Den veldige,

26. stormar mot han med krum nakkebak eit tjukt og boge skjold.

27. Andletet hans svulmar av feitt,han legg på seg rundt hoftene.

28. Men han må slå seg ned i øydelagde byarog i hus der ingen kan bu,hus som er dømde til å leggjast i røys.

29. Han blir ikkje rik, hans makt blir ikkje ståande;grøda bognar ikkje på jorda hans.

30. Han slepp ikkje unna mørkret;heten svir av dei friske skota,og munnen sluttar å pusta.

31. Ingen må stola på det som er tomt.Han blir ført vill, og tomt er det han får att.

32. Før dagen er omme,døyr greinene.

33. Han er lik ein vinstokk som mistar umogne druer,lik eit oliventre som kastar blomane.

34. Forsamlinga av ugudelege gjev inga frukt,elden øyder telta til dei som lèt seg kjøpa.

35. Dei unnfangar urett og føder vondskap,morslivet ber fram svik.