Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Job: Kor ofte sloknar lampa til dei urettferdige?

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Høyr etter det eg seier,lat det vera trøysta de gjev.

3. Ber over med meg medan eg talar;når eg har tala, kan de spotta.

4. Klagar eg over mennesket?Har eg ikkje då grunn til å vera utolmodig?

5. Sjå på meg! Bli forskrekka!Hald dykk for munnen!

6. Når eg tenkjer tilbake, blir eg skremdog skjelv over heile kroppen.

7. Kvifor får dei urettferdige leva,bli gamle og rike?

8. Borna er trygge hos dei,dei ser etterkomarar veksa opp.

9. Huset har fred frå redsler.Gud bruker ikkje stokken på dei.

10. Oksen si paring slår ikkje feil,og kua kalvar i rett tid.

11. Dei slepper gutungar ut som sauer,borna dansar i glede.

12. Dei syng til tromme og lyreog jublar til fløytetonar.

13. Dei nyt sine dagar i lukkeog går til dødsriket utan smerte.

14. Men til Gud seier dei: «Gå frå oss!Vi har ikkje lyst til å kjenna din veg.

15. Kven er Den veldige, kvifor skal vi tena han?Kva får vi att for å kalla på han?»

16. Ingen har lukka i si eiga hand.Lat råd frå urettferdige vera langt frå meg!

17. Kor ofte sloknar lampa til dei urettferdige?Kjem vel ulukke over dei,smerta han deler ut i sin vreide?

18. Blir dei som strå i vinden,som agner stormen sopar bort?

19. Sparer Gud straffa til borna?Han gjev att så det kjennest,

20. lèt den skuldige sjå undergangen sin med eigne augeog drikka Den veldiges vreide.

21. For kva bryr vel han seg om etterslektanår hans tid er ute?

22. Men kven kan læra Gud,han som dømmer dei høgste?

23. Den eine døyr i si velmakt,heilt igjennom sorglaus og roleg,

24. med bytter fulle av mjølk,knoklar med saftig merg.

25. Den andre døyr med bittert sinnog har aldri smaka det gode.

26. Begge må liggja i støvet,dekte av makk.

27. Eg kjenner tankane dykkar,planane de pønskar ut mot meg.

28. For de spør: «Kvar er stormannens hus?Kvar er vel teltet der dei lovlause budde?»

29. Har de ikkje spurt dei vegfarande?Har de ikkje forstått det dei varslar?

30. For på ulukkedagen blir den vonde spart,på vreidedagen blir han berga.

31. Kven stiller han til ansvar for hans livsferd,kven krev han for det han har gjort?

32. Nei, han blir boren til grava,og ved gravkammeret held dei vakt.

33. Han kviler mjukt i molda i dalen.Alle vil følgja etter,og ei tallaus mengd har gått føre.

34. Korleis kan de trøysta meg med tom trøystog svara meg med svik?