Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Sofar: Guds løynde visdom

1. Då tok Sofar frå Naama til ords og sa:

2. Må ikkje ein slik ordflaum få svarså ikkje pratmakeren får rett?

3. Tomsnakket ditt får folk til å teia.Du spottar utan skam.

4. Du seier: «Min lærdom er rett.Rein er eg i dine auge.»

5. Berre Gud ville talaog opna leppene mot deg!

6. Då ville han fortelja deg visdomens løyndomarog gje deg dobbel innsikt:Vit at Gud lèt di skuld bli gløymd.

7. Kan vel du måla Gud,kan du kjenna Den veldiges grenser?

8. Høgare enn himmelen – kva kan du gjera?Djupare enn dødsriket – kva veit vel du?

9. Lengre enn jorda,breiare enn havet.

10. Om han dreg fram, sperrar inne og kallar saman,kven kan hindra han?

11. Han kjenner løgnarane.Kan han vel sjå urett utan å leggja merke til det?

12. Kan ein tomskalle få forstand?Kan eit villesel fødast som menneske?

13. Om ditt hjarte er fast,så brei hendene ut mot han.

14. Om det er urett i di hand,så vis uretten bort;lat ikkje vondskap bu i dine telt.

15. Då kan du skuldfri lyfta hovudet,heilstøypt og utan frykt.

16. For du skal gløyma lidinga,minnast henne som vatn som rann forbi.

17. Då står livet høgare enn middagssola.Mørkret blir som ein morgon.

18. Du er tillitsfull, for det er håp.Du er verna og kan trygt leggja deg.

19. Ingen skremmer deg når du går til ro.Mange vil søkja din gunst.

20. Men auga til dei lovlause sloknar.Dei er ikkje i stand til å flykta,deira einaste håp er å få anda ut.