Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Elifas: Eit skremmande syn

1. Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:

2. Om ein vil tala til deg, orkar du det?Men kven kan vel teia?

3. Sjølv har du rettleidd mangeog styrkt kraftlause hender.

4. Dine ord reiste opp den som snubla.Du gav kraft til skjelvande kne.

5. Men no, når det råkar deg, blir du motlaus.Det treffer deg, og du blir lamslegen.

6. Stolar du ikkje på di gudsfrykt?Gjev ikkje den fromme livsvegen din håp?

7. Tenk etter! Når gjekk vel ein skuldfri til grunne,kvar vart rettskafne utsletta?

8. Eg ser at dei som pløyer vondskapog sår liding,haustar det same.

9. Når Gud pustar, går dei til grunne.Når han fnyser, er dei borte.

10. Brølet frå løva, skriket frå hannløvaog tennene til ungløva er slegne ut.

11. Rovdyret manglar bytte og døyr.Løveflokken blir spreidd.

12. Eit ord kom smygande til meg.Eg høyrde det kviskra

13. i opprivande, nattlege synmedan menneska sov djupt.

14. Skrekken greip meg, og eg skalv.Redsla gjekk gjennom merg og bein.

15. Ein pust strauk forbi andletet mitt,fekk håra på kroppen til å reisa seg.

16. Han stod der, men eg kjende han ikkje,ein skapnad rett for auga mine.Eg høyrde ei kviskrande røyst:

17. Kan vel eit menneske vera rettferdig for Gud?Kan ein mann vera rein for sin skapar?

18. Gud stolar ikkje eingong på tenarane sine,han finn feil hos sendeboda,

19. og endå meir hos dei som bur i leirhusog har jord til grunnvoll.Dei blir lettare knuste enn møll.

20. Frå morgon til kveld blir dei trakka ned.Dei går til grunne for alltidutan at nokon bryr seg om det.

21. Teltsnora blir rykt opp.Dei døyr, utan visdom.