Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Job: Lat ikkje skriket mitt stilna

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Eg har høyrt nok av dette;de er elendige trøystarar, alle saman.

3. Blir det ikkje slutt på tomme ord?Kva er det som driv deg til å svara?

4. Eg kunne òg ha tala slik som dedersom det var dykkar liv det gjaldt, og ikkje mitt.Eg kunne ha halde fine talarog rist på hovudet av dykk.

5. Eg ville sett mot i dykk med munnenog lagt band på mine skjelvande lepper.

6. Talar eg, blir mi smerte ikkje mindre.Held eg opp, blir ho ikkje borte.

7. Men no har han gjort meg trøytt.Du utrydda alle som høyrde meg til.

8. Du greip meg, og det vart eit vitnemål mot meg.Mi vanmakt talar meg rett opp i andletet.

9. Hans vreide riv sund, han forfølgjer meg!Han skjer tenner mot meg,fienden min dolkar meg med blikket.

10. Dei opnar gapet mot meg og slår meg hånleg på kinnet.Saman går dei mot meg.

11. Gud har overgjeve meg til vonde menneske,kasta meg i armane på lovlause.

12. Eg levde i fred, då riste han meg,greip meg i nakken og slo meg sund.Han sette meg opp som skyteskive,

13. pilene hans kom imot meg frå alle kantar.Utan medynk gjennombora han nyrene mine,gallen rann til jorda.

14. Han flengde meg opp, sår på sår,storma mot meg som ein krigar.

15. Sekk har eg sydd til kroppen min,eg har lagt mi kraft i støvet.

16. Andletet er raudt av gråt,det svartnar for auga,

17. endå hendene ikkje er merkte av valdog bøna mi er rein.

18. Å, jord, gøym ikkje mitt blod,legg ikkje mitt skrik i grav!

19. Framleis har eg eit vitne i himmelen,éin i det høge som talar mi sak.

20. Venene mine spottar meg,i gråt vender eg auga mot Gud.

21. Måtte han gje ein mann rett hos Gudog gje eit menneske rett mot sin neste!

22. For om få år må eg faraden stigen som ikkje fører attende.