Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Job: No har eg sett deg

1. Då svara Job Herren og sa:

2. Eg veit at du maktar alt.Ingen ting er umogleg for deg når du vil det.

3. Kven løyner din plan med uforstand?For eg har tala utan å forståom det som er så underfullt at eg ikkje fattar det.

4. Så høyr på det eg no seier:Eg vil spørja deg, så kan du læra meg.

5. Før hadde eg berre høyrt gjetord om deg.No har eg sett deg med eigne auge.

6. Difor kallar eg alt tilbake og angrari støv og oske.

Herren velsignar Job

7. Etter at Herren hadde sagt desse orda til Job, sa han til Elifas frå Teman: «Eg er brennande harm på deg og dei to venene dine; for de har ikkje tala rett om meg, slik som tenaren min, Job.

8. Ta no sju oksar og sju vêrar, gå til tenaren min, Job, og ber dei fram som brennoffer for dykk sjølve. Job, tenaren min, skal be for dykk, og eg vil høyra bøna hans og ikkje gjengjelda dårskapen dykkar. De tala ikkje rett om meg, slik tenaren min, Job, gjorde.»

9. Elifas frå Teman, Bildad frå Sjuah og Sofar frå Naama gjekk då av stad og gjorde som Herren hadde sagt, og Herren høyrde på Job.

10. Herren vende Jobs lagnad då han bad for venene sine, og lét han få dobbelt så mykje som han hadde hatt før.

11. Alle brørne og systrene hans og dei som kjende han frå før, kom til han. Dei åt med han i huset hans, viste medkjensle og trøysta han for alt det vonde som Herren hadde late koma over han. Kvar og ein gav han eit pengestykke og ein gullring.

12. Og Herren velsigna Jobs siste år meir enn dei første. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.

13. Han fekk sju søner og tre døtrer.

14. Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk.

15. I heile landet fanst ikkje vakrare kvinner enn døtrene til Job; faren gav dei arverett saman med brørne.

16. Etter dette levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire slektsledd.

17. Så døydde Job, gammal og mett av dagar.